Ledig stilling - Psykolog eller psykologfagleg rådgjevar

Interkommunal PPT for Hareid, Herøy, Ulstein, Volda og Ørsta har ledig ei 80-100% fast stilling som psykolog eller psykologfagleg PP-rådgivar med oppstart så snart som råd.

Utsikt frå Moltufjellet - Klikk for stort bilete Øyvind Kåre Sunde

Tenesta sine arbeidsoppgåver er heimla i opplæringslovverk og skal hjelpe skular og barnehagar i arbeidet med kompetanse- og oranisasjonsutvikling for å legge opplæring betre til rette for elevar med særlege behov. Tenesta skal sørge for at det vert utarbeidd sakkunnig vurdering der lova krev det. 
 Det interkommunale PPT-kontoret ønskjer ein engasjert kollega som brenn for forebygging og tverrfagleg samarbeid og som har lyst å jobbe i teamet for ungdom, vidaregåande og vaksenopplæring.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak knytt til Herøy, Ulstein, Volda og Ørsta vidaregåande skular i tett samarbeid med andre aktuelle tenester. PPT sitt mandat vil ligge til grunn for korleis psykolog/psykologfagleg rådgjevar skal arbeide på sitt fagområde.

Les meir om stillinga og søk i webcruiter.