Ledige stillingar i pleie og omsorg: Vil du vere med og gjere ein forskjell?

Kvar dag er det nokon som treng ei hjelpande hand, ei trygg stemme eller eit menneske som bryr seg. No har du sjansen til å bli ein del av eit fagmiljø som arbeider for å gi innbyggarane i Herøy gode helse- og omsorgstenester.

Tilsett i Helse og omsorg - Klikk for stort bilete Adobe Stock
hender saman . Helse og omsorgstjenester - Klikk for stort bilete I-stock

Vi har no fleire ledige stillingar innan pleie og omsorg, både for helsefagarbeidarar og sjukepleiarar. Felles for stillingane er at du får arbeide tett på menneske, vere med på å skape gode dagar for andre og bidra med viktig fagkompetanse i eit sterkt arbeidsfellesskap.

Eit arbeid med meining

I pleie- og omsorgstenestene i Herøy kommune møter du menneske med ulike behov, erfaringar og livshistorier. Enten du arbeider innan demensomsorg, på sjukeheim eller i omsorgsbustad, er målet det same: å gi tryggleik, meistring og livskvalitet.

Vi legg vekt på fagleg kvalitet, samarbeid og personsentrert omsorg. Samtidig ønskjer vi å skape arbeidsplassar der tilsette trivst, utviklar seg og får brukt kompetansen sin.

Fleire ledige stillingar

Vi søkjer no etter:

 

Stillingane har ulike arbeidsområde og arbeidstidsordningar, men alle gir høve til å vere med på å utvikle gode tenester for innbyggarane våre.

Dette kan vi tilby

Som tilsett i Herøy kommune får du:

  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • fagleg utvikling gjennom kurs, fagdagar og vidareutdanning
  • gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • høve til årleg sletting av studielån etter gjeldande ordning for kommunegruppe 5

Vi er opptekne av å byggje sterke fagmiljø og legg til rette for læring, samarbeid og utvikling på arbeidsplassen.

Søknadsfrist for alle stillingane er 14. oktober 2026.