Leikanger skule sin grunnskulefest 2026 - Herøy kommune

Leikanger skule sin grunnskulefest 2026

Onsdag kveld inviterte elevar, tilsette og FAU til grunnskulefest på Leikanger grendahus. Elevar og tilsette varta opp med sjølvskriven musikal basert på filmen Frost. 

Elevar ved Leikanger skule - Klikk for stort bileteElevar ved Leikanger skule Herøy kommune

Det var Live og Helle i 7. klasse som hadde laga heile manuset og dei stile som solistar i rollane som Elsa og Anna frå kongeriket Arendel.  Alle elevane på skulen hadde både ein og fleire roller både på og bak scena og dette meistra dei med glans.  Det fekk velfortent ståande applaus frå ein fullsett sal.

Etter førestillinga varta foreldra opp med kveldsmat og kakebuffet  til alle besøkande medan 6. og 7. heldt lotteri til inntekt for skuleturen sin i juni. 

Torsdag var det ny førestilling der elevar og tilsette på Moltu og Stokksund skular var inviterte til show og kjekk skuledag ilag. Her varta FAU opp med pizzalunsj til heile den fine flokken av elevar på dei 3 skulane.

-Tusen takk for ein fantastisk kveld ilag med elevar, tilsette og foreldre på Leikanger skule., seier avdelingsleiar skule Hilde Beate Hestås.

Bilder tatt under forestillinga: