Likepersonar frå LPP på Svingen kvar måndag

Kvar måndag mellom kl.13.00 og 15.00 er likepersonar frå LPP (Pårørande innan psykisk helse) til stades på Svingen. Evy-Helen og Frode Ryssevik er sertifiserte likepersonar med teieplikt, og dei er tilgjengelege for samtalar til deg som ønsker nokon å snakke med.

F.V Frode Ryssevik og Evy-Helen - Klikk for stort bileteF.V Frode Ryssevik og Evy-Helen Monica Torvik Stokset

Evy-Helen og Frode er også initiativtakarar til lågterskel gåturar. Turane startar frå Svingen kl. 12.15, går i roleg tempo. Ruta kan variere. Her er det rom for både ein hyggeleg prat og litt frisk luft i godt lag.

 Kom gjerne innom for ein prat med likepersonane. Eller bli med på gåtur om du har lyst til det.

Alle er hjarteleg velkomne!