Lyden som redder liv – sjekk røykvarsleren 1. desember

I Herøy kommune  har det dei siste fem årene vore 20 brannar i bygningar, 15 av desse i bustadar. I 2025 har det til no omkome totalt 37 personar i Noreg. Test røykvarslarane og byt batteri på røykvarslardagen 1. desember. 

Bjørnis viser fram blant anna ein røykvarslar - Klikk for stort bilete Illustrasjon frå brannbamsen Bjørnis, www.brannbamsen.no

– Alle bør huke av 1. desember i kalendaren. Da er det Røykvarslerdagen, og på tide å teste røykvarslarane og byte batteri ved behov. Dette er ein viktig påminnelse om å ta brannsikkerheita på alvor, når vi no går inn i den tida på året da det vanlegvis brenn mest, sier brannsjef Frank Steinsvik.

Slik sjekkar du på 1-2-3:

Sjekk kvar enkelt varslar med testknappen. Om den ikkje fungerer må du byte batteri, eller kjøpe ein ny røykvarslar.

Sjekk om røykvarslarlyden høyres tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når dørene mellom romma er lukka. 

Sjekk at du har minst ein røykvarsler i kvar etasje. Har du fleire røykvarslarar bør dei vere seriekobla. 

– Du bør bruke seriekobla røykvarslarar, slik at alle varslarane pip samtidleg ved brann. Dette er spesielt viktig dersom bustaden din har fleire etasjer. Dette kan gi deg og din familie verdifull tid til å kome seg i sikkerheit – seier Frank Steinsvik.

Røykvarslarane bør testast ein gang pr. månad og kvar gong du har vore vekkreist over lengre tid. Det er også ein fordel å støvsuge den jamleg. Det bidreg til betre holdbarheit. Test alltid røykvarslaren når du kjem til hytta, batteriet kan ha gått tomt mens du var vekke og du vil difor ikkje få varsel om at det bør bytast. 


Ta ansvar for dine næraste

Brannstatistikken viser at nokre delar av befolkninga er meir utsatt og sårbare om ein brann skulle oppstå. Det gjeld blant anna eldre og personar med nedsett funksjonsevne. 

– Mange har vanskelighieter med å sjekke røykvarslarane sjølv. Vi oppmodar difor alle til å sjekke om dine næraste har røykvarslar som fungerer og bytt batteri ved behov, sier Steinsvik.

Røykvarslardagen er ein landsomfattende kampanje som går fast av stabelen 1. desember hvart år. Det er Brannvernforeningen, DSB, og Gjensidige forsikring som står bak kampanja sentralt. Lokalt er det brannvesenet og DLE (Det lokale El-tilsyn) som bidreg til å sette fokus på dette viktige bodskapet. 

På www.roykvarslerdagen.no finner du nyttig informasjon om tiltak som bedrar brannsikkerheita i heimen.


Kontakt

Har du fyringsanlegg får du tilsyn og branntryggingsråd i høve besøk frå feiar. 

Har du ikkje fyringsanlegg og føler deg usikker på branntryggleiken heime hjå deg? Ta kontakt med Herøy brann og redning på telefon 99210002, så kan vi avtale eit besøk. 

Du kan finne din lokale statistikk på DSB sine nettsider.