Gratis badeland heile veka
Frå måndag til fredag kan elevar i barne- og ungdomsskulen besøke Sunnmørsbadet mellom kl. 12.00 og 16.00. Her blir det mellom anna hinderløype i bassenget. Gratisbillettar kan hentast i resepsjonen mellom kl. 12.00 og 14.00 kvar dag. Det er avgrensa tal billettar.
Adobe Stock
I-Stock
Kino i haustferien
Toy Story 5
Tysdag 6. oktober kl. 12.00 blir det gratis kinoframsyning av Toy Story 5 for barn. Filmen har aldersgrense 6 år. Born går inn gratis, medan vaksne som ønskjer å følgje barna må kjøpe ordinær billett.
Billett til gratis kino
Avengers: Endgame Encore
Onsdag 7. oktober kl. 12.00 blir det gratis visning av Avengers: Endgame Encore for ungdom. Tilbodet gjeld for aldersgruppa 12 til 18 år. Filmen har aldersgrense 12 år.
Billett til gratis kino
Gaming for spelinteresserte
Gjennom veka blir det fleire tilbod for dei som likar gaming.
Måndag: Gaming med Metizport for ungdom frå 8. klasse. Kl. 14-18.00
GRATIS FORTNITE TURNERING FOSNAVÅG KINO – Fyll ut skjema
Lenke til arrangement Facebook
Tysdag 6.oktober: Gaming med Metizport for elevar i 5.-7. klasse. Klokka 15-18
GRATIS MARIOKART TURNERING FOSNAVÅG KINO – Fyll ut skjema
Mario Kart-turnering i kinoen!
Gratis inngang, og moglegheit for frispeling òg.
Dette er ei unik moglegheit til å spele Mario Kart på storskjerm i kinoen.
Fosnavåg kino
Les meir i Facebook-arrangementet
Onsdag 7.oktober: Open gaming-dag hos Metizport frå 10.00-18.00.
Åpen dag: (Ingen påmelding)
Les meir i Facebook-arrangementet
Haustferieleir ved Runde Miljøsenter
Elevar i 6. og 7. klasse kan delta på haustferieleir ved Runde Miljøsenter. Leiren byr på lærerike og sosiale aktivitetar med overnatting.
Tidspunkt og deltaking
Tilbodet gjeld for elevar i 6. og 7. klasse i haustferieveka. Vi har plass til 15 deltakarar frå kvar gruppe.
6. klasse:
• Oppstart: Måndag 5. Oktober kl. 08:00
• Avslutning: Tysdag 6. Oktober kl. 16:00
7. klasse:
• Oppstart: Torsdag 8. Oktober kl. 08:00
• Avslutning: Fredag 9. Oktober kl. 16:00
Påmelding
• Lenke til påmelding 6. klasse
• Lenke til påmelding 7. klasse
Alle får tilbakemelding om dei får plass og deltakarar får eigen informasjon med detaljar.
Har du spørsmål kan du ta kontakt til Johannes på tlf. 919 24 083 eller e-post johannes@runde.no
Les meir om haustcamp her (PDF, 574 kB)
Informasjon om haustleir/haustcamp for 6. og 7.klasse (PDF, 49 kB)
Handballskule
Bergsøy Handball arrangerer handballskule frå måndag til onsdag i Einehallen. Tilbodet er for elevar i 1.-7. klasse. Deltakaravgifta er 300 kroner per person. Påmeldingslenke her: https://klubbsidenhandball.nif.no/handballskole_arr.asp
Pris: 300,- pr pers, inkl mellommåltid mellom øktene.
Sjakk på biblioteket
Måndag 5.oktober blir det sjakk på Herøy folkebibliotek frå kl. 11.00 til 15.00. Her får deltakarane høve til å lære meir om sjakk og spele saman med andre. Påmelding skjer til biblioteket: biblioteket@heroy.kommune.no
Bandseminar og sceneteknikk
Ungdomsskuleelevar kan delta på bandseminar og sceneteknikk i Fosnavåg konserthus torsdag og fredag. Her blir det fokus på samspel, musikk og scenearbeid.
Silent Disco og fritidsklubb
Onsdag kveld blir det Silent Disco og sosial samling i Fosnavåg konserthus for ungdom frå 8. klasse og oppover. Her blir det mellom anna quiz, brettspel og open kiosk.
Fredag kveld er det fritidsklubb for ungdomsskuleelevar og eldre.
Arrangement silent disco ungd.steget
Arrangement silent disco vgs
Praktisk informasjon
Nokre aktivitetar krev påmelding eller billettbestilling. Vi oppmodar alle om å sjå nærare informasjon om dei enkelte aktivitetane før deltaking. Påmelding og billettar blir gjort gjennom dei oppgitte arrangørane.
Dei ulike aktivitetane du kan delta på dag for dag. Det er laga ei liste der du kan finne det som passar deg. (PDF, 4 MB)
Herøy kommune har fått tilskot frå Bufdir for å arrangere fritids- og ferieaktivitetar for born og unge.