Minifolkemusikkfestival: Sjekk programmet - Herøy kommune

Minifolkemusikkfestival: Sjekk programmet

Det er ikkje sikkert vi kan kalle det "Mini-" når vi no veit kva program vi har å by på neste helg! (17. - 19. april).

Gruppa Madam Jam - Klikk for stort bileteMadam Jam vil ha dansekveld og konsert. Pressebilde

Det vert mykje å oppleve:

  • Konsertgjengarar får tre konsertar
  • Kafégjestar får høyre toradar
  • Danseglade får kurs og dansegolv
  • Bibliotekbesøkjande får oppleve folkeeventyr med musikk og dans
  • Kinopublikum får folkeeventyrfilmen "Kvitebjørn" til festivalpris
  • Familiefolk får fin søndag på Runde Miljøsenter
  • Bebuarar på sjukeheim og Eggsbøtun får også musikalsk besøk
  • Og vil du på pub fredag eller laurdag kveld får du levande folkemusikk også der


Vi får besøk av veldig mange proffe folkemusikarar denne helga, og blandar dei i ein god mix med lokale utøvarar. Sjekk ut både Fosnavåg konserthus og Spelemannslaget Havella sine facebook- og nettsider for info og billettar!

Viser utklipp frå nettsida til Fosnavåg konserthus med dei ulike aktørane. - Klikk for stort bilete Utklipp frå nettsida til Fosnavåg konserthus

 

Arrangørane Fosnavåg konserthus og Spelemannslaget Havella ønskjer velkomen til kjekk festivalhelg!