Show allereie i helga
Oskar Fjørtoft Sandanger er konferansier og står for standup, Daniel Kvammen held konsert, og Sarah Vestrheim er DJLaurdag 20. juni inviterer konserthuset til After Run Show etter Fyr til fyr-løpet. Showet startar kl. 21.00 i konsertsalen, og byr på ein heilaftan med underhaldning, musikk og god stemning.
På scena møter du:
- Oskar Fjørtoft Sandanger (konferansier og standup)
- Daniel Kvammen (konsert)
- Sarah Vestrheim (DJ)
Det blir lagt til rette for mingling, småbord og ei sosial ramme rundt arrangementet. Løpsdeltakarar får rabattert billett med kode frå arrangøren.
Dance With A Stranger – innandørs
DANCE WITH A STRANGERSøndag 21. juni er det konsert med Dance With A Stranger kl. 17.00. Konserten var opphavleg planlagt utandørs, men blir flytta inn i konsertsalen på grunn av vêrmeldingane og omsyn til teknisk utstyr.
Alle som har kjøpt billett får fast sitjeplass inne. Det er framleis nokre få billettar igjen.
Sommar og haust med nye konsertopplevingar

Laurdag 22.august blir det arrangert visekveld i Sjøbuda på Herøy gard. Dette er eit nytt konsept i samarbeid med Herøy gard/kystmuseum. Her kan publikum sjå fram til ein intim kveld med god mat, visemusikk og forteljingar i ei nært og triveleg ramme.
Billetten inkluderer både rekeaften og musikk, og det er avgrensa tal plassar.
Terje VigenSøndag 23. august blir det ny oppsetjing av uteframsyninga «Terje Vigen» på Herøy gard. Framsyninga blir spela frå sunnmørsjekta «Anna Olava», medan publikum sit på brygga eller på svaberg.
Medverkande:
- Bjørn Holum, forteljar
- Joakim Eiksund, Terje Vigen
- Vegard Holum, musikk
- Torstein Holum, gitar
Dette er ei stemningsfull oppleving der forteljing, musikk og kystmiljø møtest.
Det ligg an til ein variert og innhaldsrik sesong ved Fosnavåg konserthus, med både humor, musikk og kulturopplevingar for ulike målgrupper.
Les meir og sjå fullt program på nettsidene til Fosnavåg konserthus.