Når skal tryggleiksalarm vere gratis?

Den siste tida har det vore fleire oppslag nasjonalt om betaling for tryggleiksalarm. Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har nyleg sendt ut ei presisering av regelverket til kommunane. Bakgrunnen er nettopp ønsket om å skape større tydelegheit rundt kva som gjeld.

Tryggleiksalarm på hand - Klikk for stort bilete Herøy kommune

– Vi opplever ikkje mange spørsmål i Herøy, men vi ønskjer likevel å forklare kva tenesta er, og kvifor nokre betaler for tenesta medan andre kan få ho gratis, seier kommunalsjef for Helse og meistring, Gro Anette Voldsund.

Tryggleiksalarm er ei teneste som gjer at ein kan kome i kontakt med heimetenesta i ein akutt eller alvorleg situasjon der ein treng hjelp, til dømes etter eit fall. Tenesta består av ein alarmboks, ein alarmknapp og ei alarmteneste som tek imot meldingar. Ved behov kan ein også få sensorar som utløyser alarm, til dømes dersom ein går ut gjennom ytterdøra.

Målet med tryggleiksalarmen er å gi auka tryggleik og bidra til at folk kan bu lengst mogleg i eigen heim.

Servicetilbod eller helsehjelp?

Kjernen i regelverket handlar om eitt spørsmål: Er tryggleiksalarmen eit servicetilbod, eller erstattar den nødvendig helsehjelp?

– Flesteparten av dei som har tryggleiksalarm i Herøy har den som eit servicetilbod. Då kan kommunen krevje betaling etter dei satsane som er vedtekne, forklarer Voldsund.

Det er fordi den då fungerer som ein ekstra tryggleik i kvardagen. Den gir moglegheit til å tilkalle hjelp dersom noko skjer, men erstattar ikkje andre helse- og omsorgstenester.

I enkelte tilfelle er situasjonen annleis.

– Dersom tryggleiksalarmen etter ei individuell vurdering erstattar nødvendig helsehjelp, er tenesta gratis. Dette gjeld ikkje veldig mange, men det er viktig at vi gjer desse vurderingane korrekt og likt, seier ho.

Eit døme kan vere personar som ikkje har fingerfunksjon til å kontakte hjelp via telefon. Eit anna døme kan vere situasjonar der kommunen elles måtte ha sett inn fast personell for å gi forsvarlege helse- og omsorgstenester.

 

Samarbeid på tvers av kommunane

Kommunane på Søre Sunnmøre samarbeider gjennom Sjustjernanettverket om felles tenesteskildring innan helse og omsorg. Spørsmålet om eigenbetaling for tryggleiksalarm har vore eit viktig tema i dette arbeidet.

– Vi har diskutert dette grundig både i den interkommunale arbeidsgruppa og i kommunalsjefnettverket for helse og omsorg. Målet er at innbyggarane skal møte dei same prinsippa uavhengig av kva kommune dei bur i, seier Voldsund.

Samtidig understrekar ho at kvar enkelt søknad må vurderast individuelt.

– Regelverket gir oss klare føringar, men vi må alltid sjå på den enkelte sin situasjon. Det er det som avgjer om tryggleiksalarmen er eit servicetilbod eller eit nødvendig helsetiltak.

Ho oppsummerer bodskapen slik:

– Oftast er tryggleiksalarm eit servicetilbod som det blir kravd betaling for. Dersom tiltaket etter ei fagleg vurdering erstattar nødvendig helsehjelp, skal det vere gratis.