Nasjonal sørgeperiode

Etter den triste beskjeden om H.M. Kong Harald V sin bortgang, har regjeringa erklært nasjonal sørgeperiode frå i dag, fredag 28. august 2026, til etter gravferda.I denne perioden er det opp til arrangør å vurdere kva som skal gjennomførast av arrangement.

Kong Harald V, 1937–2026 - Klikk for stort bileteKong Harald V, 1937–2026 Kongehuset

Regjeringa har sendt ut ei rettleiing for den nasjonale sørgjeperioden. Her finn du mellom anna informasjon om private arrangement, kulturarrangement og idrettsarrangement.

Les rettleiinga her

Herøy kommune ønskjer difor å informere dei som har arrangement i Herøy i denne perioden om å gjere ei sjølvstendig vurdering av sine arrangement i høve rettleiaren.

Punkt 5. Private arrangement

Private arrangement som fødselsdagsfeiringar, dåp, namnefest, konfirmasjonar, bryllaup og gravferder kan gjennomførast som normalt, med mindre arrangøren sjølv ønskjer noko anna.

Punkt 6. Kultur- og idrettsarrangement mm.

Kultur- og idrettsarrangement kan gjennomførast som planlagt, og underhaldningsarenaer kan haldast opne, med mindre arrangør eller eigar sjølv ønskjer å avlyse, utsette eller stenge.

Det kan vere naturleg at arrangørar markerer den nasjonale sørgeperioden. Dette kan til dømes skje ved at det vert haldt eitt minutt stillheit, at nasjonalsongen vert spelt i starten av arrangementet, og/eller at utøvarar ber svarte armbind.

På sjølve gravferdsdagen kan arrangørar vurdere å avlyse eller utsette arrangement eller stenge underhaldningsarenaer. Ei slik avgjerd må takast i den enkelte organisasjon. Dersom kultur- eller idrettsarrangement eller andre arrangement er planlagt på gravferdsdagen, kan arrangør også vurdere å justere tidspunkta slik at dei ikkje er samstundes som gravferdsseremonien og tilhøyrande prosesjonar.