F.V Kommunalsjef Lene Nupen, Banksjef Per Ronald Knudsen, Ordførar Ann-Kathrin Almestad Storøy, Kommunedirektør Trond Arne Rossi Aglen
Pressefoto
Kva er eit Newtonrom?
Eit Newtonrom er eit inspirerande og moderne læringsrom der barn og unge får utforske teknologi og realfag gjennom praktisk undervisning. Rommet er godt utstyrt med aktuell teknologi, og ein eigen Newtonlærar vil lose elevane gjennom ulike oppgåver som skal løysast. Opplæringa er tett knytt mot læreplanverket og tilpassa dei ulike aldersgruppene frå barnehage til vidaregåande skule.
Behov for teknologi- og realfagskompetanse
- Vi ser at lokalt næringsliv har stort behov for teknologisk og realfagleg kompetanse, samtidig som PISA-målingane viser ein nedadgåande trend på akkurat desse områda hos elevane. Gjennom å gi elevane tilgang til eit Newtonrom ynskjer vi å kople skulen enda tettare til lokalt næringsliv og stimulere elevane si nysgjerrigheit og skaparkraft innan desse fagområda, fortel Per Ronald Knudsen, Banksjef i Sparebanken Møre.
Ei investering i framtida
- Dette er ei stor investering i framtida til barna og ungdomane våre. Eg er både glad og stolt over at vi no får eit Newtonrom i Herøy. Her skal elevane få utforske, skape og lære på nye måtar, og eg trur dette vil vekke både nysgjerrigheit, meistringsglede og interesse for fag som blir viktige i framtida, seier kommunalsjef Lene Nupen.
Del av ei målretta satsing
Sparebanken Møre har også gitt eit Newtonrom til Volda kommune, Ålesund kommune og Kristiansund kommune. Saman med Newton Sunndal utgjer desse Newtonromma eit lokalt nettverk av lærarar som brenn for teknologi og realfag, i tillegg til å vere del av eit nasjonalt og internasjonalt kompetansenettverk.
- Vi har svært gode erfaringar frå dei andre Newtonromma i regionen, der romma blir meir enn berre nok eit undervisningsrom, men også ein lokal hub for realfagssatsing. Til dømes har Ålesund utvikla og etablert Newton Fritid som ein etter skule-aktivitet, og eit høgteknologisk utlånsbibliotek som alle skulane kan dra nytte av. Newtonlærarane får fagleg oppdatering frå Newton-nettverket, og tar dette med inn i den ordinære skulen gjennom kursing av lærarar, fortel Hege Karete Hamre, Banksjef Næringsliv i Sparebanken Møre.
- Newtonromma og samarbeidet vi har med akademia og næringsliv er ein viktig del av ei heilskapleg satsing vi har knytt til realfag og entreprenørskap i regionen, supplerer ho.
- Kjem til å bety mykje for mange
- Herøy har eit næringsliv som lever av kunnskap, teknologi og skaparvilje. Newtonrommet gir elevane våre høve til å møte desse fagområda tidleg, og kanskje finne gnisten som formar framtidige utdannings- og yrkesval. Dette handlar om langt meir enn eit nytt undervisningsrom. Eg trur dette kjem til å bety mykje for mange i åra framover, avsluttar kommunalsjef Lene Nupen
Fakta om Newton-konseptet
Newton er eit internasjonalt realfagskonsept utvikla av stiftinga FIRST Scandinavia i Bodø. Det finst 33 Newton-rom i Noreg, og det internasjonale Newton-nettverket omfattar meir enn 50 rom i 19 land.
Sparebanken Møre har tidlegare bidrege til etablering av Newton-rom i Volda, Ålesund, Kristiansund og Sunndal. Støtta til Newton Herøy kjem frå overskotet i Sparebanken Møre og er tildelt gjennom Stiftinga TEFT Møre, som forvaltar gåvemidlar frå banken.
NHO sitt kompetansebarometer viser at 63 prosent av medlemsverksemdene i Møre og Romsdal manglar den kompetansen dei treng. Behovet er særleg stort innan ingeniørfag og tekniske fagområde.