AdobeStock
Mange tek kontakt med kommunen via e-post til postmottaket, men e-post er ikkje ein sikker kanal. No gjer vi endringar som gjer at du kan vere trygg på at meldinga di kjem fram.
Vi opplever dessverre at enkelte e-postar ikkje kjem fram. Dei kan bli stoppa av brannmuren vår, hamne i søppelpostfilteret, ha for store vedlegg, eller rett og slett bli sendt med skrivefeil i e-postadressa.
Slik sender du oss meldingar frå 1. desember
I praksis betyr endringa det at du ikkje lengre kan sende e-post til postmottaket.
Du må derfor nytte
- kontaktskjema ved generelle spørsmål (Tilgjengeleg etter 1. desember)
- eDialog som er ein trygg kanal der du også kan sende oss sensitiv informasjon
- digitale skjema for spesifikke tenester
- skjema for byggesøknad frå Fellestjenester Bygg
- eige skjema for innmelding av feil på veglys
Lenker til alle løysingane kjem på heimesida under «Kontakt oss» innan 01.12.2025.
Endringa er eit samarbeid mellom Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta, og har som mål å sikre betre informasjonstryggleik, meir automatiserte prosessar og effektiv ressursbruk.
Avgjersla om å innføre digital kommunikasjon for postmottak er vedteken av kommunedirektørgruppa for kommunane Hareid, Herøy, Sande, Ulstein, Volda og Ørsta med heimel i forvaltningsloven paragraf 15 a og eForvaltningsforskriften paragraf 3.