Fredrik Steen
Privat
Målet er å samle inn 175 000 kroner til tolv–femten klassesett med skjønnlitteratur og enkelt, berbart lydutstyr som kan brukast i leseprosjekt rundt om i kommunen.
Skal skape varig leseglede
For Fredrik Steen handlar prosjektet om langt meir enn bøker.
– Lesing og skriving er ein del av beredskapen vår. Det handlar om evna til å forstå verda rundt oss, uttrykkje eigne tankar og delta i samfunnet, seier han.
Gjennom arbeidet som leseinspirator møter han elevar på ulike trinn/klassesteg. Erfaringa er at klassesett med bøker er avgjerande dersom ein skal kunne bygge langsiktige leseprosjekt saman med lærarane.
– Viss eg kjem inn i ei klasse og les nokre kapittel, er det fint der og då. Men skal vi skape varig leseglede, må elevane få lese sjølve. Med eigne klassesett kan vi planleggje prosjekt som varer over tid og som elevane kan arbeide vidare med også etter at eg har reist vidare, seier han.
Klassesetta skal kunne gå på omgang mellom skulane og brukast i mange år framover. Det vil gi lærarane større høve til å planleggje leseprosjekt utan å vere avhengige av utlån av bøker.
Lesing gir meir enn leseferdigheiter
Prosjektet handlar ikkje berre om å bli betre til å lese.
Målet er også å inspirere elevane til å skrive, fortelje og formidle eigne historier.
– Alle menneske har noko interessant å fortelje. Når barn og unge opplever meistring gjennom språk, skjer det noko med sjølvtilliten deira. Eg har sett ungdom vekse på å finne si eiga stemme og tore å dele historia si med andre, fortel Steen.
Han meiner leselyst, skrivelyst og evna til å uttrykkje seg heng tett saman.
– Språket er noko av det viktigaste vi har. Om vi strevar med å lese og skrive, kan det skape frustrasjon og utanforskap. Difor er dette også eit viktig førebyggjande arbeid.
Engasjement frå lokalsamfunnet
Responsen frå lokalsamfunnet har så langt vore svært god.
I skrivande stund har spleisen samla inn over 67 700 kroner. Fleire bedrifter, organisasjonar og privatpersonar har valt å støtte prosjektet.
Blant dei største bidragsytarane så langt er:
- Olympic Shipping: 25 000 kroner
- Herøy sanitetsforening: 12 000 kroner
- Rem Offshore: 10 000 kroner
– Eg set stor pris på at både næringsliv og innbyggarar ser verdien av dette arbeidet. Dette handlar om framtida til borna og ungdomane som skal vekse opp i Herøy, seier Steen.
Han understrekar at også små bidrag kan vere med å gjere ein forskjell.
– Dersom kvar myndige innbyggar i Herøy gav om lag 25 kroner, ville vi faktisk nå målet. Alle bidrag tel, anten det er frå privatpersonar, lag og organisasjonar eller næringslivet, seier han.
Ei investering i framtida
Pengane som kjem inn skal gå til innkjøp av bøker og lydutstyr som kan nyttast i leseprosjekt over fleire år.
For Fredrik Steen handlar satsinga om meir enn lesing åleine.
– Viss vi ikkje kan lese, skrive og setje ord på tankane våre, blir det vanskelegare å delta i samfunnet. Difor meiner eg dette handlar om framtida til dei som kjem etter oss. Leseglede, skrivelyst og evna til å uttrykkje seg er noko av det viktigaste vi kan gi barn og unge, seier han.
Vil du vite meir?
Du kan lese meir om prosjektet og støtte spleisen her:
https://www.spleis.no/project/515688
Du kan også sjå meir om leseprosjektet her:
https://www.facebook.com/reel/1131997095946196
Fredrik Steen
Privat