No er rapporten frå Telemarksforsking klar

Telemarksforsking har laga eit kunnskapsgrunnlag som skal hjelpe Herøy, Sande og Ulstein ta eit val om framtidig kommunestruktur.

Telemarksforskning - Klikk for stort bilete Telemarksforsking

Kunnskapsgrunnlaget som Telemarksforsking har laga for Herøy, Sande og Ulstein er no gjort offentleg og sendt til alle kommunestyrerepresentantane i dei tre kommunane før det felles kommunestyremøtet i Landsbyhuset Breidablik på Larsnes.

Her kan du lese kunnskapsgrunnlaget (PDF, 3 MB)

Kunnskapsgrunnlaget frå Telemarksforsking inneheld m.a. fakta om no-situasjonen i dei tre kommunane, økonomivurdering, historiske trendar og analysar av dei tre alternativa som kommunane har bedt om å få belyst.

Alternativa som er vurderte i kunnskapsgrunnlaget er at kommunane held fram kvar for seg som i dag, eit meir utvida samarbeid mellom kommunane, eller ei kommunesamanslåing der tre blir til ein.

Telemarksforsking gir inga tilråding i kunnskapsgrunnlaget og den vidare prosessen er open.

Kom gjerne til det felles kommunestyremøtet i Landsbyhuset Breidablik på Larsnes, der du vil få høve til å stille spørsmål til Telemarksforsking om kunnskapsgrunnlaget.

Kommunestyremøtet byrjar kl.18.00 torsdag 24.september, og etter at kommunestyremøtet er avslutta kan publikum få stille sine spørsmål til Telemarksforsking om kunnskapsgrunnlaget.

Kommunestyremøtet vert også strøyma på nett.