fv Dag Vaagen, Ann-Kathrin Tine Storøy, Stian Skorgen Scheide
Privat
Kommunane Herøy, Sande og Ulstein er samde om å lage ei heilskapleg og kunnskapsbasert utgreiing av ein mogleg framtidig kommunestruktur.
For å få eit godt fagleg kunnskapsgrunnlag har kommunane lyst ut arbeidet i ein open konkurranse.
No er det klart at det er Telemarkforsking som får oppdraget
– Telemarkforsking har solid erfaring med slike prosessar og skal bidra med eit fagleg og uavhengig kunnskapsgrunnlag. Det er viktig for oss at innbyggjarar og folkevalde får eit godt faktagrunnlag før ein tek stilling til framtidig kommunestruktur, seier ordførarane Ann-Kathrin Storøy, Stian Skorgen Scheide og Dag Vaagen etter kontraktsigneringa.
Skal vurdere fordelar og ulemper
Oppdraget til Telemarkforsking er å lage eit kunnskapsgrunnlag som skal vurdere fleire alternativ for kommunestrukturen i framtida; både «null-alternativet» der dei tre kommunane held fram som i dag, at ein forsterkar dagens samarbeid, eller at dei tre kommunane vel å gå saman til ei ny kommune.
Kvart alternativ skal vurderast, med fordelar og ulemper.
Telemarkforsking skal analysere korleis kvart alternativ vil påverke mellom anna tenestekvalitet, demokrati og politisk deltaking, økonomi og samarbeidet i Sjustjerna.
Det viktige innbyggarperspektivet
Kommunane har klar føresetnad om at innbyggarperspektivet vert teke inn i utgreiinga.
Hovudutgreiinga skal vere ferdig seinast 21. september 2026.
Alle kostnadar til utgreiinga er dekte av staten gjennom Kommunal- og distriktsdepartementet.
- Vi er glade for å ha fått i oppdrag å greie ut konsekvensane av ei mogleg kommunesamanslåing mellom Ulstein, Sande og Herøy. Vår rolle er å levere eit fagleg solid og uavhengig kunnskapsgrunnlag som politikarane kan bruke i vurderingane sine, seier Bent Aslak Brandtzæg, seniorforskar og prosjektleiar i Telemarksforsking, som skal leie arbeidet saman med Audun Thorstensen.
- Utgreiinga vil belyse både moglegheiter og utfordringar ved ei samanslåing, mellom anna når det gjeld tenestetilbod, økonomi, lokaldemokrati og samfunnsutvikling. I den samanhengen vil vi òg trekkje vekslar på erfaringar frå tidlegare samanslåingsprosessar rundt om i landet.
Bent Aslak Brandtzæg har vore tilsett ved Telemarksforsking sidan 1995, og er forskargruppeleiar for kommunal og regional utvikling.
Telemarkforsking
Audun Thorstensen er utdanna statsvitar frå NTNU i 2006, og har arbeidd ved Telemarksforsking sidan 2007.
Telemarkforskning
Om 3K-samarbeidet:
- 3K-samarbeidet er eit initiativ mellom Ulstein, Sande og Herøy der ein greier ut ei mogleg kommunesamanslåing.
Kontaktpersonar:
Ordførarane