No startar ombygginga av Industrivegen 19

Herøy kommune har inngått kontrakt med HS Rise Bygg AS om ombygging av delar av Industrivegen 19 i Dragsund. Målet er å få på plass moderne og funksjonelle lokale for NAV. Lokala skal etter planen vere klare til overlevering i april 2027.Tysdag vart kontrakten signert av partane. HS Rise Bygg vann tilbodskonkurransen då dei vart vurdert best samla sett. Vurderingskriteria var pris, kvalitet og klima og miljø.

 

Frå kontraktsigneringa mellom Herøy kommune og HS Rise Bygg AS. Framme frå venstre: ordførar Tine Storøy og dagleg leiar for HS Rise Bygg Lars Ove Mork. Bak frå venstre: Philipp Kessler-Myking og Ronny Nipen - Klikk for stort bileteFrå kontraktsigneringa mellom Herøy kommune og HS Rise Bygg AS. Framme frå venstre: ordførar Tine Storøy og dagleg leiar for HS Rise Bygg Lars Ove Mork. Bak frå venstre: Philipp Kessler-Myking og Ronny Nipen Herøy kommune

Moderne lokale for framtida 

Ordførar Tine Storøy er glad for at prosjektet no går inn i gjennomføringsfasen.

– Dette er svært gledeleg. Samlokaliseringa vil gi NAV gode og moderne lokale, og  plasseringa i Myrvåg er sentral og lett tilgjengeleg for innbyggjarane i regionen, seier ho.

Dei nye lokala skal tilpassast behova til NAV og dei tilsette. Bygget skal mellom anna få opne kontorareal, møterom, telefonrom, pauserom og publikumsmottak. Ventilasjon, oppvarming og belysning skal også oppgraderast.

Lokala skal vere klare våren 2027

Ombygginga omfattar store tilpassingar av eksisterande bygningsmasse. Når arbeidet er ferdig, skal lokala overleverast til kommunen i april 2027.

Etter overleveringa må lokala møblerast og klargjerast før NAV kan flytte inn.

For entreprenøren betyr prosjektet ein stram framdriftsplan, der god planlegging og tett oppfølgjing blir viktig for å halde tidsplanen.

Best resultat i konkurransen

Tre entreprenørar leverte tilbod i konkurransen. HS Rise Bygg fekk høgast samla poengsum og vart tildelt kontrakten.

Ved vurderinga av tilboda vekta kommunen:

  • Pris: 50 prosent
  • Klima og miljø: 30 prosent
  • Kvalitet: 20 prosent

HS Rise Bygg leverte det lågaste tilbodet og i tillegg hadde dei  konkrete tiltak innan klima og miljø. Mellom anna planlegg selskapet å gjenbruke delar av ventilasjonsanlegget og har sett tydelege mål for avfallssortering i byggeperioden.

Ei investering også for framtida

Ombygginga gir ikkje berre nye lokale til NAV. For Herøy kommune som eigar av bygget, vil oppgraderingane også auke verdien og fleksibiliteten til eigedomen.

Moderne og oppdaterte lokale vil vere enklare å nytte til framtidig utleige, sal eller kommunal verksemd dersom behova endrar seg.

Kommunestyret vedtok 5. november å auke investeringsramma for prosjektet frå 9 millionar til 11,5 millionar kroner. Auken skal dekkje høgare byggjekostnader, nødvendige branntryggingstiltak og andre prosjektkostnader som prosjektering og byggeleiing.