Ny app for føresette i barnehage, skule og SFO

Har du barn i skulane eller barnehagane våre? No vil vi kommunisere med deg gjennom tenesta Vigilo.

ei kvinne bruker ein smarttelefon - Klikk for stort bilete Adobe Stock

Frå august 2023 tek vi i bruk Vigilo for å ha digital kontakt med deg som føresett. 

Vigilo erstattar tenesta Edlevo. Ranselpost, e-post og SMS brukar vi ikkje lenger.

Du kan bruke Vigilo på to måtar: 

  • Telefon: Last ned og ta i bruk appen Vigilo. 
  • PC og nettbrett: Gå til nettlesaren og logg deg inn på www.vigilo.no/heroy med ID-porten.

Klikk her for å lese meir om Vigilo og korleis du kjem i gang.

Har du spørsmål? Ta kontakt direkte med skulen eller barnehagen. 

Vi ser fram til å kommunisere godt med deg – både digitalt og ansikt til ansikt!