Ny avdelingsleiar for tenestekoordinering

Inga-Lill Slenes Bjørnstad er på plass i sektor for helse og omsorg, som avdelingsleiar for tenestekoordinering.

portrett av Inga-Lill Slenes Bjørnstad - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Ho kjem frå stillinga som teamkoordinator i akutteamet ved Volda distriktspsykiatriske senter. Der har ho arbeidd dei siste fire åra.

Bjørnstad er utdanna sjukepleiar. Ho har i tillegg utdanning i personaladministrasjon, leiing, organisasjonspsykologi, helserett, saksbehandling, psykisk helse og rus.

Ho tok sjukepleiarutdanninga i Oslo. Og ho har bakgrunn som sjukepleiar ved legevakt, frå rehabiliteringa på Sunnaas sjukehus og frå saksbehandling og tildeling av tenester i Nesodden kommune.

– Eg gleder meg til å bli kjent med nye kollegaer og vere ein del av eit godt fagleg og psykososialt arbeidsmiljø. Det er viktig for at vi skal kunne gi gode og rettferdige tenester til innbyggarane. Og eg gleder meg til å bli kjent med Herøy kommune som organisasjon, seier Bjørnstad.

Ho er frå Herøy og flytta heim med mann, to barn og hund i 2020.

Hjarteleg velkomen til kommuneorganisasjonen!