Camilla Storøy
Silje S. Mork
Storøy har jobba i Herøy kommune sidan 2006, og er utdanna allmennlærar. Gjennom karrieren har ho hatt fleire ulike roller, mellom anna som lærar, rektor og prosjektleiar for eit bulystprosjekt i samarbeid med Ulstein kommune.
– Skulen og norskopplæring ligg mitt hjarte nært, og eg likar godt å jobbe med nye landsmenn. Difor kjennest denne stillinga som ein svært god kombinasjon, seier ho.
Ho har også vidareutdanning innan skuleleiing og relasjonsleiing, mellom anna interkulturell kommunikasjon, og held på med ein master i norsk.
Vil skape eit godt arbeidsmiljø
I den nye rolla ønskjer Storøy å bli godt kjend med arbeidsstaden, medarbeidarane og alt dei arbeider med.
– Det viktigaste for meg er å lytte til dei som jobbar der og forstå både kva dei synest er viktig og kva utfordringar dei har. Samtidig vil eg vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø. Når vi trivst på jobb, gjer vi også ein betre jobb, seier ho.
Kvalifiseringssenteret har utvikla seg mykje sidan sist ho jobba der, frå 2006 til 2011. Den gongen handla arbeidet der i stor grad om norskopplæring, men ho vil legge til at ho hugsar det som ein svært fin arbeidsplass, og gler seg til å vere tilbake. I dag er tilbodet breiare, og femner om fleire sider ved kvalifisering og integrering.
– Det er spennande å få kome tilbake og sjå korleis senteret har utvikla seg. No er alt samla på ein annan måte, og det gir mange nye moglegheiter.
Norsk er nøkkelen
Storøy er tydeleg på kva ho meiner er avgjerande for at nye innbyggjarar skal lukkast i Noreg.
– Norsk er nøkkelen. Eg hugsar at læreboka vi brukte då heitte «Nøkkelen til Norge», og det ligg mykje i det. Viss folk skal få eit godt liv her, må dei lære språket. Då får dei også moglegheit til å delta i arbeidslivet og samfunnet elles, seier ho.
Samtidig understrekar ho at dette arbeidet alltid handlar om samspel.
– Språkopplæring er viktig, men det er summen av alt vi gjer saman som gir resultat.
Opptatt av inkludering og deltaking
For Storøy er det ein sterk motivasjon å jobbe med inkludering og å hjelpe menneske vidare.
– Det viktigaste er at dei som kjem til Noreg, anten dei er flyktningar eller arbeidsinnvandrarar, kjenner at dei blir ein del av samfunnet. Å få delta i arbeidslivet er ein stor del av det, seier ho.
Ho legg til at det er spesielt givande å sjå resultat av arbeidet:
– Eg blir svært motivert av å sjå at menneske lukkast, og at dei finn plassen sin. Eg likar ikkje å sjå at folk blir ståande på utsida av samfunnet.
Ser styrkar i kommunen
Den nye leiaren meiner Herøy kommune har eit godt utgangspunkt.
– Eg opplever at det er mykje god kompetanse i kommunen og eit sterkt engasjement for arbeidet som blir gjort. Det gir eit godt grunnlag for vidare utvikling.
Klar for nye utfordringar
Etter mange år i skulen kjenner Storøy at tida er inne for å prøve noko nytt.
– Eg er svært glad i å vere i klasserommet og elevane mine, men no kjennest det rett å ta eit nytt steg. Eg gler meg til å ta fatt på denne rolla og jobbe saman med flinke folk.
Aktiv i fritida
Når ho har fri frå jobb, er Storøy glad i å vere aktiv.
– Eg er glad i å vere ute, gå på fjellet og trene. I tillegg har eg vore med og starta eit demenskor, som har blitt hobby nummer éin.
Dei har øving annakvar torsdag, og det gir mykje glede, seier ho.
Med engasjement sitt for menneske, inkludering og læring, ser Camilla Storøy fram til å starte arbeidet som leiar for kvalifiseringssenteret – og vere med på å skape gode moglegheiter for fleire i Herøy.
Camilla Storøy
Silje S. Mork