Fredrik Steen
Silje S. Mork /Herøy kommune
– Det å møte ungar og dele gode historier med dei, det gler eg meg aller mest til, seier den nye leseinspiratoren.
Herøy kommune har tilsett Steen i ei eittårig prosjektstilling som leseinspirator. Han skal arbeide både ved Herøy folkebibliotek og ute i skulane, der målet er å styrkje lesegleda og leseferdigheitene mellom barn og unge.
Tilbake til hav og fjell
Nyleg flytta Fredrik Steen og familien til Herøy. Etter mange år i Oslo var det godt å kome tilbake til Sunnmøre.
– Vi sakna havet og fjella. No kan vi ta på oss joggeskoa og vere på veg opp i fjellet etter få minutt. Det kjenner vi stor glede over, seier han.
Saman med sambuaren Heidi har han to barn som nyleg har byrja på skule i kommunen.
Gjennom karrieren har han hatt ein fot i journalistikken og ein i formidling og scenekunst. Han har mellom anna arbeidd i NRK, Dagbladet og Aller Media, samtidig som han har reist landet rundt som artist og skodespelar.
No ser han fram til å bruke erfaringa si på ein ny måte.
– Eg kan mykje om formidling og forteljingar. Så har eg mykje å lære om andre ting. Heldigvis er eg ikkje redd for å spørje når det er noko eg ikkje kan.
Fredrik Steen
Silje S. Mork /Herøy kommune
Trur lesing kan endre liv
For Steen handlar lesing om mykje meir enn bøker.
– Noko av det viktigaste vi kan gi barna våre, er leseglede. Gjennom lesing lærer vi språk, og språk hjelper oss med å forstå både oss sjølve og andre.
Han meiner det å kunne setje ord på tankar og kjensler er avgjerande.
– Klarer du å formulere det du tenkjer og kjenner på, blir det lettare å møte andre menneske. Lesing gir oss fleire ord, større forståing og fleire perspektiv. Eg trur faktisk verda blir litt betre når fleire blir gode til å uttrykkje seg.
Foreldra er nøkkelen
Den nye leseinspiratoren er tydeleg på kva som skal til for å skape leseglede.
– Foreldra er den viktigaste ressursen vi har. Barn som opplever at vaksne les for dei, får ofte eit nærare forhold til bøker og forteljingar.
Han oppmodar foreldre til å setje av tid til lesing i kvardagen.
– Det treng ikkje vere avansert. Finn ei bok barnet liker, les saman og skap ei god stund. Gode vanar blir bygde litt etter litt.
Samtidig meiner han at lydbøker kan vere ein viktig del av løysinga.
– Det viktigaste er ikkje korleis historia kjem til barnet. Det viktigaste er at barnet blir oppslukt av ei god forteljing.
Vil skape magiske lesestunder
Steen håpar å få invitere barn til høgtlesing, aktivitetar og kreativ historieforteljing både på biblioteket og ute i skulane.
– Eg har lese lydbøker og gitt stemme til karakterar i mange år. Ungar elskar når historiene blir levande. Litt innleving og ulike stemmer kan gjere underverk.
Han ønskjer også å involvere fleire i Herøy.
– Kanskje kan lærarar, foreldre, besteforeldre eller til og med ordføraren kome og lese for barna. Eg trur leseglede smittar.
Fredrik Steen
Silje S. Mork /Herøy kommune
Eit løft for lesing i Herøy
Stillinga som leseinspirator er oppretta gjennom eit tilskot frå Utdanningsdirektoratet til styrking av skulebibliotek og leseopplæring. Herøy kommune samarbeider med Nynorsksenteret i prosjektet.
– Vi ønskjer å gi lesinga eit løft i Herøy. Fredrik skal vere ein ressurs for skular, barnehagar og bibliotek, og inspirere både barn og vaksne til å oppdage gleda ved bøker og forteljingar, seier avdelingsleiar skule Hilde Hestås.
Målet er enkelt, ifølgje den nye leseinspiratoren:
– Eg håper barna sit att med kjensla av at lesing er kjekt. Klarer vi å skape leseglede som varer inn i ungdoms- og vaksenlivet, har vi fått til noko viktig.