Svein Arne Orvik
Kvalsvik tek til som seksjonsleiar 1. mai.
– Eg starta som sommarvikar i heimetenestene i 2014, medan eg tok sjukepleiarutdanninga i Førde. Etter avslutta utdanning flytta eg tilbake til Fosnavåg, og eg har jobba fast i heimetenestene sidan 2016, seier Kvalsvik.
I 2021 tok ho vidareutdanning innan leiing i helse- og sosialtenesta. Dei siste tre åra har ho vore plasstillitsvald for Norsk sjukepleiarforbund.
– Det blir nytt og spennande å gå inn i stillinga som seksjonsleiar. Målet mitt er å skape ein god arbeidsplass som yter gode helsetenester, med fokus på eit godt arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode, seier Kvalsvik.
Vi gratulerer med den nye jobben!