Ny seksjonsleiar på Herøy omsorgssenter

Sissel Reite er tilsett som seksjonsleiar og byrjar 1. mars.

portrett av Sissel Reite - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Reite har lang og variert erfaring som sjukepleiar, både frå institusjon og heimeteneste. I tillegg til sjukepleiarutdanninga har ho vidareutdanning innan leiing, rus og psykiatri.

Ho blir leiaren til dei tilsette ved seksjon blå, ein av dei tre seksjonane til omsorgssenteret. Seksjonen inkluderer også Blåtunet dagaktivitetssenter og demens- og psykiatriteamet.

Har vore fagkoordinator

– Som leiar ønsker eg å ha fokus på eit arbeidsmiljø der dei tilsette kan føle seg trygge og varetekne. Det er viktig for at vi skal kunne gi gode tenester til innbyggarane, seier Reite.

Ho starta som sommarvikar ved omsorgssenteret i ungdomsåra. På starten av 90-talet budde ho eit par år i Stavanger og arbeidde ved Sentralsjukehuset i Rogaland.

Reite er utdanna sjukepleiar frå Høgskulen i Ålesund. Ho byrja å arbeide som sjukepleiar ved Herøy omsorgssenter i 1998. Frå 2015 har ho vore fagkoordinator for heimetenesta. Frå 2017 har ho arbeidd som sjukepleiar i demens- og psykiatriteamet.

Studert leiing i helse- og sosialtenesta

Frå Høgskulen i Volda har ho fleire vidareutdanningar: Ho har studert leiing i helse- og sosialtenesta, rus som kulturelt og sosialt fenomen, og tiltak mot rusproblem.

Reite bur i Fosnavåg med mann og tre barn. På fritida likar ho å vere i lag med familie og venner, reise, lage mat og vere ute i naturen.

Vi gratulerer med leiarastillinga!