Monica Torvik Stokset
KiB er retta mot personar som opplev stor belastning, og som har behov for å utvikle eiga meistringsevne. Eksempel på dette kan vere personar som lev med langvarig belastning knytt til eiga fysisk og psykisk helse, økonomi, relasjonar, omsorgsoppgåver og arbeidsliv.
Tilbakemeldingar frå tidlegare kursdeltakarar:
«Positivt kurs med god fagleg tyngde. Dyktige kursleiarar som legg til rette for ei roleg, trygg og profesjonell ramme der det er stort rom for opne og ærlege diskusjonar»
“Var fyrst skeptisk til gruppe og syns det var skummelt, men det var det ingen grunn til. Å delta i gruppe har vore veldig positivt for meg.”
“Flinke kurshaldarar, bra innhald, gode eksempel. Boka er nyttig å ha, vil bli brukt i ettertid”
Kurset:
Oppstart: onsdag 5.mars
Varigheit: 10 samlingar på onsdagar
Tid: kl.13:00-15:30
Stad: Svingen dagaktivitetstilbod
Kurshaldarar: Tilsette frå seksjon psykisk helse og rus Anniken Kessler-Myking og Kristine Pettersen
Kven kan delta?
Kurset er ope for alle som ønskjer å delta, men det er avgrensa plassar. Dersom du ikkje har tenester frå seksjon psykisk helse og rus, vil kurshaldarane å ha ein kort forsamtale med deg først for å kartlegge om KiB-kurset er rett tilbod for deg.
Tilbakemeldingar etter førre kursrekke:
“Positiv oppleving av kurset , synes det var ekstra bra når vi løyste oppgåver i fellesskap”
“Tipp, topp, tommel opp!”
«Det var kjekt å treffe andre i same situasjon. Det har gitt meg mange gode teknikkar til å handtera tankane»
“Godt presentert, med mange gode verktøy som kan brukas i kvardagen. Veldig positive kursleiarar, som bidrog til ein lett, men proff “tone””
Praktisk informasjon
Deltakarane treng ei kursbok for å følgje kurset. Eigenandel er 300 kroner. Dersom økonomi er ei hindring for å delta, ta kontakt med kurshaldarane – vi finn ei løysing.
Det er ei uformell teieplikt blant alle deltakarane, gruppereglar vil bli presentert på fyste samling slik alle skal kjenne seg trygge på å delta.
Det vert servert kaffi, te og vatn.
Påmelding
For påmelding eller spørsmål, ta kontakt med kurshaldar Anniken.
Telefon: 47514570