Nytt treningstilbod på Svingen!

Torsdag 12.mars startar det opp eit nytt, lågterskel treningstilbod på Svingen: sirkeltrening med eiga kroppsvekt. Her får du øvingar som styrker dei viktigaste muskelgruppene i kroppen.

Person som utfører sirkeltrening. - Klikk for stort bilete Pixabay

Kven passar tilbodet for?

Sirkeltrening er ei treningsform som passar for dei fleste, og øvingane kan tilpassast individuelt. Instruktøren viser alle øvingane og kan gi råd undervegs.

For personar med svært dårleg balanse vil andre aktivitetstilbod ved Svingen, som sittedans, vere betre eigna. Ta gjerne kontakt med oss dersom du er usikker på om sirkeltreninga passar for deg, vi hjelper deg med å finne det rette tilbodet.

Tid og stad:

Torsdagar kl.13:15

Varigheit: cirka 1 time

Stad: Svingen 4

 Vil du vere med?

Påmelding er ikkje nødvendig, det er berre å møte opp. Ta gjerne med ei vannflaske og kle deg i noko du rører deg godt i.

Vi gler oss til å sjå deg på trening!