Omfattande samarbeid mellom Herøy, Ulstein og Sande

Kommunane Herøy, Ulstein og Sande har alle sagt ja til å opprette eit strategisk  interkommunalt samarbeid om økonomiforvaltning. Ulstein vert vertskommune for samarbeidet.

13 av dei 14 tilsette ved økonomiavdelingane i Ulstein, Herøy og Sande, saman med kommunedirektørane og prosjektleiar for interkommunale samarbeid, Lars Erling Bjåstad Hovlid. - Klikk for stort bilete13 av dei 14 tilsette ved økonomiavdelingane i Ulstein, Herøy og Sande, saman med kommunedirektørane og prosjektleiar for interkommunale samarbeid, Lars Erling Bjåstad Hovlid. Ulstein kommune

Det nye økonomisamarbeidet er ein del av det overordna arbeidet med interkommunale samarbeid, som alle kommunane på Søre Sunnmøre er med på. 

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har bidrege med økonomisk støtte til utviklingsarbeidet. 

Etter at kommunestyra sa ja til samarbeidet, har dei tilsette i økonomiavdelingane vore samla til informasjonsmøte i Ulsteinvik. 

- Dette samarbeidet vil gi oss eit sterkare og meir robust fagmiljø innan økonomi. Ved å samle kompetanse får vi betre kapasitet, reduserer sårbarheita og styrkjer grunnlaget for god økonomistyring, seier økonomileiar i Sande kommune, Inga Dalen Slettestøl, etter samlinga.

- Dei tilsette har vore sentrale

Dei tilsette har vore sterkt involverte i utgreiingsarbeidet om felles økonomiforvaltning, og har kartlagt heile 190 arbeidsprosessar innan økonomiforvaltning og kome med forslag til ein felles beste praksis. 

Dette har vore ein omfattande og krevjande prosess, som har lagt eit godt grunnlag for samarbeidet. 

-  Interkommunalt samarbeid på økonomi er ikkje nytt i seg sjølv, men det som gjer dette samarbeidet spesielt, er at det er så omfattande. Vi går saman om heile økonomifunksjonen, ikkje berre enkeltområde. Det gir nye moglegheiter for utvikling, og vi har allereie lært mykje av kvarandre undervegs i kartleggingsarbeidet, seier Dalen Slettestøl.

Økonomileiarane i Ulstein, Sande og Herøy: Steinar Nummedal, Inga Dalen Slettestøl og Geir Egil Olsen. - Klikk for stort bileteØkonomileiarane i Ulstein, Sande og Herøy: Steinar Nummedal, Inga Dalen Slettestøl og Geir Egil Olsen. Ulstein kommune

- Framtidsretta

Allereie frå hausten vil kommunane byrje å jobbe tettare, men den formelle oppstarten av samarbeidet vert frå 1. januar 2027. Frå den datoen vert dei tilsette samla i ei felles økonomiavdeling i Ulstein rådhus. 

Men dei tilsette skal også ha arbeidsdagar i dei andre kommunane, for å ikkje svekke lokal tilknyting eller auke avstanden mellom økonomifunksjon, leiing og tenester i Sande og Herøy. 

- Kommunane får stadig meir komplekse krav til budsjettering, rapportering, analyse og dokumentasjon, både som følgje av statlege krav og rask teknologisk utvikling. Ved å samle fagmiljøa legg vi betre til rette for rekruttering, utvikling og god økonomistyring i alle tre kommunane, seier kommunedirektørane i Ulstein, Sande og Herøy, Jarl Martin Møller, Renathe Rossi Aglen og Trond Arne Rossi Aglen.