Ope møte om kulturmiljøplanen

Vi inviterer til ope møte om arbeidet med ny Kulturmiljøplan. Vi ønskjer innspel frå innbyggjarar, lag og organisasjonar – di stemme er viktig for å ta vare på kulturarven vår for framtida.

Naustrekke - Klikk for stort bileteNaustrekke Frode Pilskog

Tid: Onsdag 11. februar kl. 17.00
Stad: Herøy folkebibliotek, Fosnavåg

På møtet vil vi presentere arbeidet så langt og invitere til samtale om kva kulturmiljø som er viktige for lokalsamfunnet, og korleis vi best kan sikre og utvikle dei.

Vil du vere med i ei arbeidsgruppe som skal utarbeide handlingsplanen? Då håper vi at du kjem og melder interessa di.

Velkommen – vi håper du blir med og formar framtidas kulturmiljø i Herøy!