Ope møte: Vil du hjelpe nokon på vegen mot førarkortet?

Vi treng fleire frivillige til å vere med når nye sjåførar skal øve seg med Habil-bilen.

to kvinner ved ein bil - Klikk for stort bileteFrå høgre: Najia Albarjas, som held på å ta førarkort, og Iryna Miroshnichenko, som er frivillig. Lilly Arlen Larsen

Mange i Herøy ønsker å ta førarkort. Vi har fleire på venteliste for å få mengdetrening gjennom Habil-ordninga.

Derfor treng vi no fleire frivillige til å vere med når nye sjåførar skal øve seg med Habil-bilen vår.

Torsdag 21. mars klokka 18.00 held vi informasjonsmøte. Kom og få vite meir om kva det inneber å vere frivillig i Habil!

Stad: Kvalifiseringssenteret for innvandrarar på Bergsøy skule (Borga).

Om Habil-ordninga

I Herøy er det kvalifiseringssenteret som organiserer Habil-ordninga og rekrutterer frivillige. Røde Kors stiller med bilen. 

Om du vil vere frivillig eller har spørsmål: Ta kontakt med kvalifiseringssenteret.