Opna barneavlastinga: – Ei ny tid for alle

Sjå bilda frå då dei nye lokala til barneavlastinga blei offisielt opna på Myklebust onsdag.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
frå dei nye lokala til barneavlastinga - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

Ordførar Tine Storøy klipte snora inn til lokala og erklærte den nye barneavlastinga for opna.

I helsinga si streka ordføraren under at barna og ungdomane, deira føresette og dei tilsette i tenesta har venta lenge på dei nye lokala.

– Tusen takk for tolmodet. Det har vore fleire år med utsettingar. Men i dag er vi kjempeglade alle saman. No håpar eg at vi kan sjå framover. Dette er ei ny tid for alle som skal bruke tilbodet, for foreldra og for dokker som jobbar her, sa ordføraren.

– Beundring, fryd og glede

Seksjonsleiar Hildegunn Svastuen takka spesielt foreldra for deira rolle i arbeidet fram mot ei ny barneavlasting.

– Dette har vore eit arbeid der foreldregruppa har vore veldig sterke pådrivarar i prosessen. Deira engasjement og innsats har vore uvurderleg. For fire år sidan tok dei steget mot denne barneavlastinga. No er dagen endeleg komen, sa Svastuen.

Ho fortalte at dei første barna allereie har overnatta i lokala.

– Det er ei glede å sjå ansikta deira, fulle av beundring, fryd og glede, sa Svastuen.

frå dei nye lokala til barneavlastinga - Klikk for stort bileteFrå venstre: ordførar Tine Storøy og seksjonsleiar Hildegunn Svastuen i bu- og habiliteringsavdelinga. Svein Arne Orvik

Velferdsteknologi

Dei nye lokala er til for barn og unge mellom 0 og 18 år med ulike diagnosar.

– Nokre er her tre–fire timar i veka, andre er inne kvar fjerde helg, nokre er her annakvar veke. Barneavlastinga er bemanna døgnet rundt, sa Svastuen.

Dei nye lokala er utstyrte med fleire typar velferdsteknologi. Blant anna er der sensorar som følger med på korleis pasientane har det når dei søv.

Sjå bildeserien nedanfor.