Opna ny kai i Kvalsund hamn

Den nye allmenningskaia i Kvalsund hamn på Nerlandsøya vart offisielt opna onsdag føremiddag. Opninga gjekk føre seg i strålande sol, med både skuleelevar og bygdefolk til stades.

Opning av ny kai. Fv. Sven Martin Tønnesen, Ann_kathrin Storøy og Karl Oskar Sævik - Klikk for stort bileteOpning av ny kai. Fv. Sven Martin Tønnesen, Ann-Kathrin (Tine) Storøy og Karl Oskar Sævik Olav Helge Matvik /Kystverket

 

Viktig for lokalsamfunnet

Den nye kaia er bygd for å møte dagens behov i hamna. Ho gir betre kapasitet, tryggare liggeforhold for båtar og gode løysingar for både fiskeflåten og anna aktivitet.

Direktør for transport, hamn og farlei i Kystverket, Sven Martin Tønnessen, heldt tale - Klikk for stort bileteDirektør for transport, hamn og farlei i Kystverket, Sven Martin Tønnessen, heldt tale Olav Helge Matvik/Kystverket

Direktør i Kystverket, Sven Martin Tønnessen, understreka at dette er ei viktig satsing:

– Den gamle kaia hadde ikkje kapasitet til dagens fiskeflåte. Vi håpar den nye kaia vil gi ein tryggare og enklare kvardag for brukarane, sa han.

Sven Martin Tønnesen - Klikk for stort bileteSven Martin Tønnesen Olav Helge Matvik

Gode samarbeid

Kystverket har stått for planlegginga av prosjektet. Norconsult har utført detaljprosjektering, og Infrakon har vore entreprenør. Herøy kommune har samarbeidd tett med Kystverket gjennom heile prosessen.

Kystverket eig kaia, medan Herøy kommune har ansvar for drift og vedlikehald.

fleire samla til opning av kai - Klikk for stort bilete Olav Helge Matvik/Kystverket

Bygd innanfor rammene

Bygginga tok seks månader og heldt seg innanfor budsjettramma på 15,5 millionar kroner. Prosjektet vart gjennomført utan forseinkingar, overskridingar eller ulukker.

Under arbeidet vart det også teke omsyn til miljø. Det vart brukt elektriske maskiner for å redusere utsleppa.

Ny kai på Kvalsund - Klikk for stort bilete Olav Helge Matvik/Kystverket

Ei investering for framtida

Ordførar i Herøy kommune, Ann-Kathrin (Tine) Storøy - Klikk for stort bileteOrdførar i Herøy kommune, Ann-Kathrin (Tine) Storøy Olav Helge Matvik/Kystverket

Ordførar Ann-Kathrin Storøy peika på kor viktig hamna er for kommunen:

– Vi har mange fiskarar som er avhengige av gode og trygge kaier. Denne utbygginga er viktig for både næringslivet og lokalsamfunnet, sa ho.

Ho la til at kaia er ei investering for framtidige generasjonar.

Viktig for fiskerinæringa

Representantar frå fiskerinæringa var også til stades. Dei peika på at gode hamner og kaier er avgjerande for tryggleik, arbeid og effektiv kvardag for fiskarane.

Karl Oskar Sævik - Klikk for stort bileteKarl Oskar Sævik Olav Helge Matvik/Kystverket

Ei triveleg markering

Etter opninga vart det servert kaffi og kjeks, og mange nytta høvet til å prate saman og sjå den nye kaia. Tilbakemeldingane frå dei som møtte opp var positive.

Kaia er bygd for å vare i om lag 100 år, og skal vere til nytte for bygda i lang tid framover.

Ordførar Ann Kathrin Storøy held tale - Klikk for stort bilete Olav Helge Matvik/kystverket