Tidlegare kjøkkensjef Bjørg Warholm, ordførar Tine Storøy og noverande kjøkkensjef Lisbeth Skinnes klipte snora.
Svein Arne Orvik
– Storkjøkkenet vert den nye stoltheita til oss i Herøy kommune. Det er eit godt integrert kjøkken med mange fasilitetar og moderne teknologi. Brukargruppa har kome med gode innspel som har vore til stor hjelp, sa ordførar Tine Storøy.
Ho gratulerte alle som har bidratt i prosjektet – og alle i Herøy som vil få nytte av det. Det tok åtte månader å føre opp storkjøkkenet.
– Resultatet er eit fantastisk flott bygg med fine løysingar som er veldig godt integrert i området rundt, sa prosjektleiar Roy Oldeide frå eigedomsavdelinga.
Han retta ein varm takk for samarbeidet til brukargruppa frå helse- og omsorgstenesta, noverande kjøkkensjef Lisbeth Skinnes, tidlegare kjøkkensjef Bjørg Warholm, innkjøpsansvarleg Jan Driveklepp og entreprenøren PEAB K. Nordang.
Og Oldeide vart sjølv takka for samarbeidet av avdelingsleiar for pleie og omsorg Gry Dragsund-Vike. Ho roste innsatsen til alle dei tilsette gjennom arbeidet med å planlegge og bygge kjøkkenet.
300 middagar om dagen
Kvar dag kan det lagast minst 300 middagsmåltid på det nye storkjøkkenet. Her skal maten til Herøy omsorgssenter, Myrvåg omsorgssenter, Svingen dagsenter med meir lagast.
Storkjøkkenet er knytt direkte til Herøy omsorgssenter med ei sluse. Og det har ein eigen varebil som skal frakte maten ut til dei andre bygga.
Rikhaldig nybygg
Bygget er ført opp av entreprenørselskapet PEAB K. Nordang og inneheld
- ulike produksjonsrom
- lager for kjøle-, fryse- og tørrvarer
- mottaksrom og uttaksrom
- garderobar til 14 tilsette
- pauserom
- kontor
- romsleg teknisk rom
Slik har framdrifta i arbeidet vore:
- Kontrakten vart signert 8. mars 2024.
- 8. juli 2024 starta gravinga og grunnarbeida.
- 4. oktober 2024 var bygget tett.
- 10. mars 2025 vart bygget overlevert.