Opnar for folkerøysting om mogleg kommunesamanslåing

Innbyggjarane i Herøy kan få seie si meining i ei folkerøysting dersom arbeidet med mogleg kommunesamanslåing med Sande og Ulstein går vidare. Før det skal kommunestyret ta stilling til om prosessen skal halde fram. Den tverrkommunale politiske styringsgruppa drøfta vidare framdrift i møte 19. juni. Eit viktig tema var korleis innbyggjarane skal bli involverte i prosessen.

Frå venstre: Stian Skorgen Scheide, ordførar i Ulstein kommune, Ann Kathrine Tine A. Storøy, ordførar i Herøy kommune, og Dag Vaagen, ordførar i Sande kommune. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Stian Skorgen Scheide, ordførar i Ulstein kommune, Ann Kathrine Tine A. Storøy, ordførar i Herøy kommune, og Dag Vaagen, ordførar i Sande kommune. Silje S. Mork / Herøy kommune

Planlegg folkerøysting

Styringsgruppa legg opp til at det skal gjennomførast ei folkerøysting dersom kommunane går vidare i arbeidet og kjem fram til ein framforhandla intensjonsavtale.

Det er enno ikkje avgjort når ei slik røysting eventuelt skal haldast. Det blir vurdert ulike alternativ, mellom anna om ho skal skje før eller samtidig med lokalvalet i 2027.

Det kan også bli aktuelt med ei innbyggjarhøyring tidlegare i prosessen.

Fv Jarl Martin Møller, kommunedirektør i Ulstein kommune, Renathe Rossi Aglen, kommunedirektør i Sande kommune, og Trond Arne Rossi Aglen, kommunedirektør i Herøy kommune. - Klikk for stort bileteFv. Jarl Martin Møller, kommunedirektør i Ulstein kommune, Renathe Rossi Aglen, kommunedirektør i Sande kommune, og Trond Arne Rossi Aglen, kommunedirektør i Herøy kommune. Silje S. Mork /Herøy kommune

Faktagrunnlag klart i september

Eit felles faktagrunnlag for kommunane skal vere ferdig 23. september 2026. Dette skal gi eit betre grunnlag for å vurdere konsekvensar av ei mogleg samanslåing.

Kort tid etter vil saka bli lagt fram for politisk behandling i kommunestyret. Sidan det ikkje er planlagde møte i denne perioden, vil det bli kalla inn til ekstramøte.

Kommunestyret skal då ta stilling til om Herøy skal gå vidare i prosessen.

Ope møte for innbyggjarane

Det blir arrangert eit ope møte der faktagrunnlaget blir presentert:

  • Stad: Landsbyhuset Breidablik Larsnes
  • Tid: 24. september 2026
  • Klokkeslett:18:00

Konserthuset i Fosnavåg og Sjøborg i Ulsteinvik er opptekne 24. september.

Alle innbyggjarar er velkomne til å møte.

Viktig med god informasjon og medverknad

Erfaringar frå andre kommunar viser at god informasjon og open dialog er avgjerande for tillit i slike prosessar. Det blir derfor laga ein eigen plan for kommunikasjon og innbyggardialog.

Det blir også oppretta ei eiga arbeidsgruppe for dette arbeidet, der kommunikasjonsrådgjevarane i dei tre kommunane deltek.

Fv. øvst: Erling Olav Storegjerde (kommunikasjonsrådgjevar) og Lars Erling Bjåstad Hovlid (prosjektleiing). Fv. nedst: Silje S. Mork (kommunikasjonsrådgjevar) og Julianne Auberg Hauge (prosjektleiing). - Klikk for stort bileteFv. øvst: Erling Olav Storegjerde (kommunikasjonsrådgjevar) og Lars Erling Bjåstad Hovlid (prosjektleiing). Fv. nedst: Silje S. Mork (kommunikasjonsrådgjevar) og Julianne Auberg Hauge (prosjektleiing). Ann-Kathrin (Tine) A. Storøy

Involverer tilsette og tillitsvalde

Tilsette skal også få vere med i prosessen. Ein hovudtillitsvald frå kvar kommune og eitt hovudverneombod skal delta i styringsgruppa.

Dette skal bidra til god informasjon og medverknad også internt i kommunane.

Statleg støtte til arbeidet

Arbeidet med å greie ut mogleg kommunesamanslåing får støtte frå Statsforvaltaren. Midlane skal mellom anna nyttast til utgreiing, informasjon og involvering av innbyggjarane.

Dette skjer vidare

  • September 2026: Faktagrunnlaget blir lagt fram 23.september
  • September 2026: Ope informasjonsmøte på Landsbyhuset Breidablik 24.september
  • Demokratikonferanse arrangerast i Ulsteinvik 29.-30.september. Tema er lokaldemokrati og framtidsutfordringar i kommunane.
  • Oktober/november 2026: Politisk behandling i kommunestyret
  • Vidare: Eventuell innbyggardialog og arbeid med intensjonsavtale
  • 2027: Mogleg folkerøysting dersom prosessen går vidare

 

Om 3K-samarbeidet: 
3K-samarbeidet er eit initiativ mellom Herøy, Sande og Ulstein der ein greier ut ei mogleg kommunesamanslåing.  

Kontaktperson:

Ordførar