Opnar hovuddøra til avdeling for barn, familie og helse
Vi har igjen opna hovudinngangen til bygget der avdelinga held til på Eggesbønes.
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
Frå venstre: avdelingsleiar Monica Svoren og seksjonsleiarane Silje Ringstad, Christine Riise Øvrelid og Janita W. Remøy.
Svein Arne Orvik
Der finn du desse fire seksjonane:
- førebygging (helsestasjonen)
- barnevern
- psykisk helse og rus
- rehabilitering (fysioterapeutar og ergoterapeutar)
Ein periode var det nødvendig å ha hovudinngangen stengt. Grunnen var omsynet til tryggleiken for dei som jobbar i seksjonane for barnevern og for psykisk helse og rus.
Men no har vi låste dører inne i bygget. Derfor kan vi opne hovudinngangen igjen.
Og dermed er det berre å gå inn og bruke venterommet når du har ein avtale med ein av seksjonane.
Vel møtt!
Publisert av Svein Arne Orvik
Publisert 11.04.2024 17:11
Sist endra 11.04.2024 17:21