Oppdatering: Viktig informasjon til pårørande og besøkande

Vi har for tida utbrot av magevirus på Seksjon A Myrvåg omsorgssenter. Det er stadfesta at det er norovirus på seksjonen. Seksjon A er framleis stengd, og vil vere stengd til over helga.

 

Hagen ved Myrvåg omsorgsener - Klikk for stort bilete Herøy kommune

Smitteverntiltak

Det er sett i verk nødvendige smitteverntiltak, og det blir gjennomført grundig smittevask i tråd med gjeldande rutinar.

Vi vil minne om at ved norovirus har handdesinfeksjon dårleg effekt. God handvask med såpe og vatn er det viktigaste tiltaket for å hindre smittespreiing.

Informasjon om smittevern og handhygiene kan finn du på FHI sine nettsider. 

Vi minner også om 48‑timarsregelen:

Personar som har hatt oppkast eller diaré, skal halde seg heime og ikkje besøkje institusjonen før dei har vore symptomfrie i minst 48 timar.

Vi ber om forståing for tiltaka, som er nødvendige for å ivareta både bebuarar, pårørande og tilsette.
Ny informasjon vil bli lagt ut når situasjonen endrar seg.