Orientering om Stokksund skule frå hausten 2026

 Stokksund skule vil frå hausten 2026 vere offentleg nærskule for alle barneskuleelevar i indre del av Herøy kommune. Skulekrinsane med postadresse 6076 Moltustranda, 6080 Gurskøy og 6070 Tjørvåg blir slegne saman til ein skulekrins.

Stokksund skule - Klikk for stort bilete Wenche Moltu

Om alt går etter planen om å opne privat skule på Moltu, så vil det vere tre alternative barneskular i denne delen av kommunen: Stokksund skule, Møre barne- og ungdomsskule og Moltustranda Montessori.

Føresette har fått orientering om tilbodet gjennom brev frå kultur og oppvekst. (PDF, 246 kB)