Påskehelsing frå Bergslia barnehage - Herøy kommune

Påskehelsing frå Bergslia barnehage

Eit sikkert vårteikn er når barna i barnehagen startar å synge om den vesle kyllingen som ligg inn i egget, og ein undrar seg over kyllingen som kan vere så liten og likevel så stor. Og det er veldig rart og like magisk kvar gong ein får oppleve å sjå når kyllingen banker seg ut frå egget sitt.

I år har det stått ei rugemaskin på hylla til småbarnsavdelinga i Bergslia Barnehage, der har seks små egg hatt det godt å varmt, maskina har fått dagleg påfyll av vatn og blitt grundig studert av engasjerte små barneauge som har telt ned dagane, for visste du at det tar 21 dagar til klekking?

Men det er ikkje alltid det går etter oppsett plan, for Bergslia kyllingane hadde dårleg tid og kom til verda fire dagar før termin, så då var det ekstra godt att både premature kasse, kyllingmat, og ikkje minst varmelampe var på plass – små kyllingar treng å ha det godt å varmt – det er noko barna forstår veldig godt- ein skal ikkje fryse når ein er ein liten kylling utan kle. Mat og drikke er også viktig når ein skal vekse å bli stor, men kyllingane sine toalett vaner har vore ein liten «snakkis» i barnegruppa. For tenk dei bæsja overalt, til og med i vatnet sitt, og dei hoppar oppi maten sin også! Så dagleg reinhald i kyllingkassa har vore eit viktig fokusområde i denne barseltida på småbarnsavdelinga Marihøna! 

Det har vore ei spennande og kjekke tid for store og små i barnehagen, som no kan synge av full hals om den vesle kyllingen med ei fersk førstehandserfaring frå egga i rugemaskina som vart fem nydelege, artige kyllingar som vart døypte og har fått namna Borghild, Janne, Løsi, Sopp og Lanne.  

Bilder: