Pilotprosjekt om velferdsteknologi er i gang

Vi er ein av åtte kommunar i landet som er med i eit nytt prosjekt om velferdsteknologi i heimetenestene. 

ei gruppe tilsette samla i ei trapp - Klikk for stort bileteProsjektgruppa vår skal jobbe fram til mai 2025. Svein Arne Orvik

– Velferdsteknologi kan hjelpe oss med å møte dei store utfordringane vi står overfor, som det å rekruttere medarbeidarar og å sikre rett kompetanse, seier Gry Dragsund-Vike, leiar for pleie- og omsorgsavdelinga.

Pilotprosjektet er ein del av Tørn, eit nasjonalt program som skal bidra til å utvikle helse- og omsorgstenestene. Programmet har fleire mål:

  • Ein større del av dei tilsette skal jobbe heiltid.
  • Ein større del av dei tilsette skal ha formell helsefagleg kompetanse.
  • Brukarane skal få gode tenester.
  • Dei tilsette skal ha ein god arbeidskvardag.

Programmet består av mange ulike prosjekt. Og prosjektet vi er med i, dreier seg om velferdsteknologi.

Fram til mai 2025 skal heimetenestene i indre og ytre Herøy jobbe med prosjektet.

Meir heiltid og meir kompetanse

Dette er døme på teknologien heimetenestene våre har jobba med – og skal jobbe med – i prosjektet: 

  • sensorteknologi
  • medisindispenserar
  • tryggleiksalarm

Prosjektgruppa vår har hatt det første møtet sitt. Gruppa består av Gry Dragsund-Vike, Marta Baade Gjerde, Stine Berge, Gunn Helsem Leine, Maria Kvalsvik, Linda Bøe, Hilde Holmeset og Marita Pedersen.

– Det blir lærerikt å sjå på korleis vi kan bruke meir velferdsteknologi i heimetenestene. Eg håpar at vi kan finne løysingar som gir meir heiltid og rett bruk av kompetanse, seier arbeidslagskoordinator og sjukepleiar Margrethe Djupvik.

Djupvik er leiar for prosjektgruppa i Herøy.

Læringsnettverk mellom kommunar og KS

Tørn er eit læringsnettverk i regi av kommuneorganisasjonen KS. Arbeidet i Tørn går ut på å prøve ut nye arbeids- og organisasjonsformer – i samarbeid mellom kommunane.

 «Om få år har vi fleire pensjonistar enn yrkesaktive i Noreg, og mange kommunar har allereie utfordringar med å finne kompetansen dei treng. Derfor er det viktig å organisere oppgåver og arbeidstida på nye måtar – for å ivareta både brukarar og tilsette», skriv KS om bakgrunnen for Tørn-programmet.