Planar om jonsokbål? Meld frå seinast 20. juni

I Herøy kommune ber vi om at jonsokbål blir meldt inn til Herøy brann og redning. Under ser du korleis du gjer det, og der får du også gode råd om bålbrenning.

Jonsokbål - Klikk for stort bileteJonsokbål Lene Utseth

Her finn du skjemaet som skal nyttast til å melde ifrå til Herøy brann og redning

Les skjemaet nøye. Hugs at den som tenner bålet har det heile og fulle ansvaret for at det skjer på forsvarleg vis, slik at det ikkje blir brann eller skade på omgivnadane.

Du må alltid:

  • vurdere risikoen
  • sørgje for nødvendig avstand
  • ha sløkkemiddel tilgjengeleg
  • halde oppsyn med bålet

Fristen for å melde ifrå er 20. juni. Du vil ikkje få svar på meldinga.

Viktig om bålforbod

I perioden 15. april til 15. september er det generelt forbod mot open eld i eller nær skog og utmark.

Jonsokbål kan berre gjennomførast dersom det er openbert trygt, og ikkje kan føre til brann.

Er det tørt, mykje vind eller auka skogbrannfare, skal du ikkje tenne bål.

Gode råd om å bygge og brenne jonsokbål

Når du lagar jonsokbål, må du ta omsyn til forholda på staden.

  • Området skal vere ryddig og bålet skal ha god avstand til bygningar, vegetasjon og anna brennbart materiale (100 meter).
  • Avstanden må vurderast konkret ut frå vind, terreng og storleiken på bålet
  • Bålet bør ikkje byggast for stort. Kast heller på meir ved etter kvart.
  • Ha eigna sløkkemiddel lett tilgjengeleg (vatn, hageslange eller liknande)
  • Sørg for at barn held god avstand til bålet. Kle dei i naturstoff som bomull og ull. Kunststoff kan lett ta fyr og kan smelte under sterk varme.
  • Ta omsyn til naboar. Røyken verkar irriterande på slimhinner i auge og luftvegar, og representerer eit helse- og trivselsmessig problem for dei som blir eksponert.
  • Er bålet høgt, bør det kveikast på midten. På den måten unngår du for store flammar og sterk varmeutvikling.
  • Store bål gir sterk strålevarme og er dermed ikkje eigna til å grille på. Ha gjerne ein grill ved sidan av, eller lag eit mindre bål i tillegg til jonsokbålet.
  • Oske og glør som ikkje er sløkt skikkeleg, kan flyge av garde med vinden og sette fyr på hus og skog. Forlat derfor aldri bål som ikkje er sløkt 100 prosent.

Herøy brann og redning kan føre tilsyn med jonsokbål.

Jonsokbål - Klikk for stort bileteJonsokbål Lene Utseth
Jonsokbål - Klikk for stort bileteJonsokbål Lene Utseth

Tilsyn

Herøy brann og redning kan føre tilsyn med jonsokbål.

Lover og reglar og meir informasjon

Lokal forskrift for Herøy kommune

Brann- og eksplosjonsvernlova

Forureiningsforskrifta

eit bål - Klikk for stort bilete Adobe Stock