Planlegging av ny Remøybru går vidare

Arbeidet med planlegging kryssing av Nørdre Vaulen, Remøybrua, går vidare. Som ein del av arbeidet blir det invitert til to opne folkemøte i november. Alle interesserte er velkommen til å delta.  

Remøybrua - Klikk for stort bileteRemøybrua Møre og Romsdal fylkeskommune

Det pågår no arbeid med detaljregulering for ny kryssing over Nørdre Vaulen i Herøy kommune. Samstundes ligg forslag til revidert planprogram ute til offentleg ettersyn. Fristen for å sende inn merknader til høyringa er 4. januar 2027.  

For meir informasjon om prosjektet, sjå nettsida mrfylke.no/høyringar .

Folkemøte 24. november 

Tid: 18.00 - 20.00

Stad: Thon hotell Fosnavåg

Møre og Romsdal fylkeskommune vil orientere om planprosessen, og deltakarane får vere med på ein arbeidsverkstad om nærmiljø og bumiljø. Målet er å få inn lokal kunnskap og innspel som kan styrke grunnlaget for konsekvensutgreiinga. Multiconsult vil vere til stades og gjennomføre verkstaden.

Folkemøte 26. november

Tid: 18.00 - 19.30

Stad: Herøy Rådhus

Tema for møtet er presentasjon av rapport om seglingshøgde gjennom Nørdre Vaulen. Rapporten er del av kunnskapsgrunnlaget som skal ligge til grunn for beslutning om seglingshøgde under den nye brua over sundet.