Registrer sjølv opplysningar om din bustad
Kartverket opnar for ein ny teneste som gjer det mogleg å registrere enkelte eigedomsopplysningar om eigen bustad og fritidsbustad i Eiendomsregisteret.
Adobe Stock
Som eigar eller festar (bygslar) kan du logge inn i Eiendomsregisteret for å sjå kva opplysningar som er registrert om din eiendom.
Ved å sjekke at opplysningane stemmer, kan du gjere både deg sjølv og samfunnet ein stor teneste og bidra til at opplysningane i Eiendomsregisteret er i tråd med situasjonen og gjevne byggeløyve.
Døme:
- Betaler du rett eigedomsskatt og avgifter: Er arealet på bustaden din i Eiendomsregisteret feil, kan du betale feil eigedomsskatt.
- Betaler du rett forsikring: Forsikringsselskapet hentar opplysningar frå offentlege register. For eksempel talet på bygningar, byggjeår og areal.
- Skal du selje bustaden: Er opplysningane om bustaden rette. Korrekte opplysningar i Eiendomsregisteret gir ein tryggare salsprosess.
- Skal du arve og foreta eit eigarskifte: Rette opplysningar vil gjere prosessen enklare og meir rettferdig. Feil opplysningar kan skape mistydingar eller usemje når verdiar skal fordelast.
Gratis webinar
Kartverket inviterer til webinaret Eiendomsprat der tenestene vil bli introdusert og det vil bli gitt meir informasjon om gjennomført pilotprosjekt og vegen videre. Webinaret er gratis og varer i 30 minutt. Dato: 3. februar i tida 10:00-10:30.
Link til påmelding
Publisert 28.01.2026 12:38
Sist endra 28.01.2026 12:38