Vågsholmen B5
Vågsholmen AS er forslagsstillar, B. Tarberg AS og OSE AS er plankonsulent for planarbeidet.
Mål med planarbeidet
Ønska tiltak er å endre formål og byggegrenser for dei aktuelle eigedomane, for å kunne
skape eit større og meir funksjonelt område for nye kombinasjonsbygg i sentrum.
Regulert formål bustad og del av areal til privat småbåthamn er ønska endra til bustad, kontor, forretning og ein kombinasjon av dette, oppført som lågblokk.
Endringa er i tråd med kommunen sin sentrumsvisjon.
Informasjon og medverknad
Det vil bli sendt varsel om oppstart til naboar og gjenbuarar, kunngjering i lokal avis og på nettet, i samsvar med pbl. § 12-8. For nærare informasjon ta kontakt med OSE, mob. 974 89 987 eller e-post plan@oseing.no. Det blir difor ikkje lagt opp til medverknadsmøte i samband med oppstart av planarbeid, det har vorte halde grunneigarmøte før politisk sak Utval for samfunnsutvikling.
Det vil bli vurdert medverknadsmøte før/eller i samband med offentleg ettersyn.
Merknadar sendast til plan@oseing.no
Merknadsfrist 06.10.2026
Vidare sakshandsaming
Etter at meldingsfrista er ute vil plandokumenta til offentleg ettersyn bli utarbeidd for deretter å bli sendt kommunen for sakshandsaming. Etter handsaming i kommunen blir plandokumenta lagt ut til offentleg ettersyn. Det vil då bli høve til å kome med merknadar til planframlegget før vidare politisk handsaming og vedtak.