Remøybrua blir stengd for vedlikehaldsarbeid natt til søndag 14. desember klokka 03.00

Skal du til og frå Runde eller Remøya i Herøy kommune må du planlegge søndag 14. desember godt. Da stengast Remøybrua langs fylkesveg 5876 i inntil 18 timar frå klokka 03.00 – 20.00, informerer Møre og Romsdal fylkeskommune.

Årsaka til stenginga er naudsynt støypearbeid for å utbetre brua. 

Naudetatar er orientert om saka og har ein plan for beredskap. Brua vil kunne brukast av gåande, men da i dialog og samarbeid med dirigentar. Det blir skilting på staden. 

Dei som har behov for parkering kan nytte parkeringsplassen ved Skorpa Fiberglas, Voldsundvegen 54 på Leinøy. Vi ber om at det blir teke omsyn ved parkering, og at ein ikkje parkerer langs vegen, slik at utrykkingskøyretøy og anleggsmaskiner kjem fram. 

Dette gjeld for beredskapen: 

  • Gåande vil kunne passere brua i samarbeid med dirigentar på staden  
  • Alle lokale naudetatar er orienterte 
  • Ambulanse vil plasserast på Remøya og personale blir frakta over ved behov  
  • Ambulansehelikopter og/eller ambulansebåt vil bli rekvirert ved behov  
  • Lege vil vere tilgjengeleg ved behov  
  • Brukarar av heimetenesta blir ivaretatt 
  • Brannbil vil plasserast på Remøya med mannskap. Ekstra mannskap vil bli frakta over ved behov

Dette arbeidet skal gjerast: 

  • Fjerning av gamal betong og støyping av ny 
  • Det er herdinga på betongen som gjer at brua blir stengt i 18 timar 

Hald deg oppdatert på trafikkmeldingar på 175.no.

Kontaktperson i Møre og Romsdal fylkeskommune:

Morten Ugelstad, avdelingsingeniør, mob. 903 98 644