Samarbeidsavtale med Herøy Sanitetsforening

Herøy kommune har inngått ein viktig samarbeidsavtale med Herøy Sanitetsforening for å styrke beredskapen i kommunen. Denne avtalen sikrar at kommunen kan nytte seg av frivillige ressursar frå Herøy Sanitetsforening ved kriser og uønskte hendingar.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
Signe Skarstein, ordførar  Ann- Kathrin A. Storøy og Olaug Andreassen - Klikk for stort bilete Signe Skarstein (Herøy Sanitetsforeining), ordførar Ann- Kathrin A. Storøy og Olaug Andreassen (Herøy Sanitetsforeining) er alle nøgde med at avtale er underteikna.

Kva samarbeidet gjeld:

Herøy sanitetsforeining har vore aktiv med i ulikt arbeid i kommunen. Arbeidet er no formalisert i ein avtale der Herøy Sanitetsforening kan bidra med inntil 25 frivillige ved behov. Desse frivillige kan vere på plass innan ein time frå utkallingstidspunktet.

Oppgåver og ansvar:

Omsorgsberedskapsgruppa i Herøy sanitetsforeining kan etter avtale hjelpe med:

  • Forpleiing til kriseramma, evakuerte eller hjelpemannskap.
  • Drifte evakuerings- og pårørandesenter, inkludert registrering, forpleiing og servering, drift av pårørandetelefon.
  • Praktiske oppgåver ved vaksinasjon og pandemi, som registrering og observasjon.
  • Kunnskapsdeling kring førstehjelp for eldre og eigenberedskap.
  • Samarbeid med Herøy brannvesen om tryggleikstreff for eldre.
  • Anna etter avtale.

 

– Det er viktig at avtalen no er signert.  Avtalen med kommunen gjer at saniteten kan gjere meir i lokalsamfunnet i samarbeid med kommunen. I tillegg vil vi kunne søkje om nasjonale midlar. Noko vi no vil gjere for å kurse dei som er med i omsorgsberedskapsgruppa, seier ein nøgd leiar Olaug Andreassen.

– Det er veldig fokus på beredskap, også nasjonalt. Herøy Sanitetsforeining har alltid vore viktig for oss. Denne avtalen markerer eit viktig steg i å styrke beredskapen i Herøy kommune, og vi ser fram til eit godt samarbeid med Herøy Sanitetsforening, seier kommunedirektør og kriseleiar Trond Arne Rossi Aglen.

– Omsorgberedskap er eit godt ord for arbeidet som har vore gjort/skal verte gjort.  Avtalen er anerkjenning av den innsatsen sanitetsforeininga gjer og eg er glad for at avtalen no er på plass, seier ein nøgd ordførar Tine Storøy.