Samla beredskapsrådet

Denne veka hadde beredskapsrådet i Herøy kommune møte. Formålet med møtet var å vite om kvarandre og verte kjent med kva kvar enkelt gjer / kan gjere når krisa er her.

Alle personane som var med i beredskapsrådet - Klikk for stort bilete Wenche Moltu

Kommunen har ansvar for å samordne arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Å samle rådet er ein del av dette arbeidet. 

På møtet tysdag fekk kommunen orientere om beredskapsarbeidet som går føre seg i kommunen:

  • nytt dataverktøy til handtering av hendingar
  • øvingar saman med andre aktørar i fylket 
  • eigne øvingar framover
  • revidering av heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse
  • revidering av planverk

I beredskapsrådet er kriseleiinga til kommunen, legevakta, politiet, heimevernet, sivilforsvaret, Herøy kyrkje, Herøy vasslag, Mowi, ambulansetenesta, sanitetsforeininga og politiet.

Møtet gav deltakarane eit godt grunnlag for vidare arbeid.