Samspelet med småbarn på agendaen: – Aina Kvalsund tilfører oss mykje

Korleis kan barn få ein best mogleg start på livet? Det er temaet for eit samarbeidsprosjekt mellom barnehagane i Herøy.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
oppstilte deltakarar i arbeidsgruppe - Klikk for stort bileteFrå venstre: rettleiar Aina Kvalsund, Veronica Nerø Bjørlykke frå Troll-myra barnehage, Veronika Vollan frå Troll-lia barnehage, May Britt Ose frå Bergslia barnehage, Helene A. Nerland frå Huldal barnehage. I tillegg er Emilie Berge frå Moltu barnehage og Stine Voldsund Kleven frå Norlandia barnehage med i gruppa. Wenche Moltu

– For at eit barn skal utvikle seg positivt, må både foreldra og omsorgspersonane i barnehagen møte barnet med varme og grenser. Alle treng godt samspel med andre for utvikle potensialet sitt, seier Aina Kvalsund.

Ho er sosionom og familieterapeut ved barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) ved Volda sjukehus.

Kvalsund rettleier no ei gruppe tilsette frå småbarnsavdelingar i Herøy-barnehagar. I desse avdelingane er barna frå 0 til 3 år. Gruppa er samla ti gongar.

– Veldig givande

Arbeidet i gruppa kjem alle barnehagane i Herøy til gode. For refleksjonane deltakarane gjer seg, vil bli delte i fagfellesskapet mellom barnehagane i kommunen.

– Deltakarane kjem med problemstillingar frå kvardagen i barnehagane. Dei deler erfaringar og gir kvarandre tilbakemeldingar. Eg rettleier dei i prosessen, det er veldig givande. Barnehagane i Herøy har dyktige fagfolk. Deltakarane har mange gode refleksjonar, seier Kvalsund.

Ho tilbaud kommunen å rettleie barnehagetilsette som ein del av utdanninga ho tek for å bli klinisk sosionom. Utdanninga er retta inn mot barn og unges psykiske helse, med fordjuping i sped- og småbarn.

– Kome inn tidleg med støtte

I gruppa snakkar dei om korleis barnehagane kan støtte foreldra i foreldrerolla. Kvalsund viser til at barnehagane har mykje god kompetanse som dei kan dele med foreldra, gjennom støtte og gode råd.

– Om eit barn eller ein familie har ei utfordring, kan samspelet mellom dei bli krevjande. Samspelet kan lett utvikle seg i ei negativ retning. Det gjeld å kome inn tidleg med støtte som kan hjelpe foreldra i rett retning. Då vil vi sjå færre problem når barna blir større. Barnehagane er i ein unik posisjon til å gjere ein forskjell for barna, seier Aina Kvalsund.

Undrar seg på ein ny måte

Veronika Vollan, pedagogisk leiar i Troll-lia barnehage, er ein av deltakarane i gruppa.

– Eg tar med meg utfordringar og får drøfta dei. Det er veldig bra at vi har fått sett av tid til dette. Og Aina Kvalsund tilfører oss mykje. Ho stiller spørsmål som får oss til å undre oss på ein ny måte, seier Vollan.

Ho er glad for få å utveksle råd og tips med andre pedagogar.

– Både eg, dei andre på avdelinga mi og foreldra vil ha nytte av det eg tar med meg tilbake frå samlingane. Tidleg innsats for dei aller minste er viktig, seier Vollan.

Grunnlag for gode foreldresamtalar

Helene A. Nerland, pedagogisk leiar i Huldal barnehage, set også pris på rettleiinga.

– Opplegget er svært lærerikt. I andre samanhengar er det ofte snakk om utfordringar som gjeld eldre barn. Her får vi gått inn i problemstillingar frå småbarnsavdelingane. Vi snakkar mykje om relasjonsbygging og deler gode pedagogiske verktøy, fortel ho.

Gruppa tek også føre seg korleis barnehagane best kan observere og dokumentere utviklinga til barna.

– Det er viktig, ikkje minst for å ha grunnlag for gode foreldresamtalar, seier Nerland.

Satsar på relasjonskompetanse

– Det er svært verdifullt at vi får vidareutvikla arbeidet vårt med innspel frå dyktige fagfolk. Vi set stor pris på initiativet Aina Kvalsund tok, seier Elisabeth Warpe, leiar for barnehageavdelinga i Herøy kommune.

Relasjonskompetanse er eit felles satsingsområde for barnehagane i Herøy. Den vaksne skal vere ein varm relasjonsbyggar og sette tydelege krav og grenser, heiter det i rammeplanen for Herøy-barnehagane.

Planen gjeld for både dei kommunale og dei private barnehagane i Herøy.