Dronebilde frå Herøy
Martin Hauge-Nilsen
Formannskapet fatta 18. november vedtak om at kommunedirektøren sitt framlegg til Budsjett 2027 og økonomiplan 2027-2030 vert lagt ut til offentleg ettersyn fram til formannskapets møte 2.desember.
Lenke til budsjettframlegget: https://pub.framsikt.net/2027/herøy/bm-2027-kommunedirektorens_framlegg
Sende innspel
I perioden frå 19. november til 2. desember kl. 12 kan alle sende innspel til saka. Fristen for å kome med innspel er altså 2. desember.
Bruk dette skjemaet for å sende innspel Oppgi saksnummer 26/8295
Du kan også sende innspel per brev til Herøy kommune, postboks 274, 6099 Fosnavåg.
Kommunestyret skal vedta budsjettet og økonomiplanen den 10. desember.