Sesonginfluensavaksine 2026/2027
Det er forsinking i distribusjon av sesonginfluensavaksiner 2026/27. Kommunar i Møre og Romsdal får levering av vaksine i veke 45.
Adobe Stock
Kulturhuset er booka til massevaksinasjon:
Måndag 09. november
Tysdag 17. november
Torsdag 26. november
Alle dagane klokka 11:00-17:00. Ein treng ikkje bestille time, det er berre å møte opp!
Målgruppe
Det er ingen endring frå sist sesong med tanke på kven som er anbefalt vaksine mot influensa, covid-19 eller pneumokokksjukdom. Du kan lese om målgrupper i vaksenvaksinasjonsprogrammet på FHI sine sider.
Dersom du er i tvil om du bør ta vaksine, rådfør deg med fastlegen din.
Publisert 11.09.2026 10:23
Sist endra 11.09.2026 10:25