Skal støtte kreftpasientar og deira pårørande

Marta Elise Baade Gjerde er tilsett som kreftkoordinator. Ho vil gi støttesamtalar, råd og rettleiing til personar med kreft og deira pårørande.

portrett av Marta Elise Baade Gjerde - Klikk for stort bilete privat

Ho skal bidra både når det gjeld nyoppdaga sjukdom og biverknadar av kreftsjukdom og behandling. Ho skal også støtte dei som får lindrande behandling eller har plagsame seineffektar etter avslutta kreftbehandling.

Rolla til ein kreftkoordinator er å legge til rette for at kreftpasienten og dei pårørande skal ha ein så god kvardag som råd. Koordinatoren er også eit bindeledd mellom den sjuke, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunen.

Det å få hjelp av kreftkoordinatoren er eit lågterskeltilbod. Pasientar eller pårørande treng ikkje tilvising frå lege – dei kan ta direkte kontakt.

Marta Elise Baade Gjerde skal også arbeide med pasientar som får lindrande behandling for andre sjukdomar enn kreft. Det kan skje gjennom direkte kontakt med pasienten og familien eller som ein støttefunksjon for tilsette i kommunen.