Bastian Stokseth
Silje S. Mork / Herøy kommune
Forvaltninga av helse- og omsorgstenester blir stadig meir kompleks. Kommunane må følgje eit omfattande regelverk, samtidig som dei skal sikre innbyggjarane gode og forsvarlege tenester.
Herøy, Sande, Ulstein og Hareid arbeider derfor med å etablere eit interkommunalt samarbeid om eit felles forvaltningskontor. Målet er å styrkje rettstryggleiken, skape ein meir einsarta praksis og utvikle berekraftige og robuste tenester. Statsforvaltaren har løyvd skjønsmidlar til ei prosjektstilling som jurist som ein del av utviklingsarbeidet. Stillinga er lagd til tenestekoordineringa i Herøy kommune, men skal kome alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre til gode.
Skal gi juridiske råd til heile Sjustjerna
I prosjektperioden skal Bastian gje juridiske råd og rettleiing til kommunane i Sjustjerna. Han skal også hjelpe til med juridiske problemstillingar og vere ein ressurs i utviklinga av framtidige samarbeidsløysingar.
Avdelingsleiar for tenestekoordinering, Inga-Lill Slenes Bjørnstad, meiner den nye kompetansen blir viktig for heile regionen.
– Ved å dele spesialisert kompetanse på tvers av kommunegrensene får kommunane tilgang til ressursar og fagkunnskap som det ville vore krevjande å byggje opp kvar for seg. Målet er å styrkje rettstryggleiken, sikre ein meir einsarta praksis og leggje til rette for berekraftige og robuste tenester, seier ho.
Ho fortel vidare at alle dei sju kommunane er glade for å få Bastian med på laget.
– Vi ser fram til å dra nytte av den juridiske kompetansen hans og dei moglegheitene prosjektet gir for å utvikle samarbeidet på Søre Sunnmøre framover.
Ønskte å arbeide meir lokalt
Bastian er utdanna jurist frå Universitetet i Bergen. Dei siste to åra har han arbeidd med mellom anna kontraktsrett, selskapsrett, organisering og finansiering.
Sjølv om fagområdet i den nye stillinga er eit anna, meiner han at mykje av erfaringa han har er relevant.
– Eg har mellom anna erfaring med å utforme avtalar og med å formidle juridiske spørsmål på ein måte som er forståeleg for dei som ikkje arbeider med juss til vanleg. Det tek eg med meg inn i denne stillinga, seier han.
Ønskjet om å arbeide med oppgåver som ligg nærare kvardagen til folk, var ein viktig grunn til at han søkte.
– Eg har i lengre tid hatt lyst til å arbeide meir lokalt og med fagområde som eg har ei tilknyting til i kvardagen. Arbeidet med sakshandsaming og etableringa av eit felles forvaltningskontor inneheld mange interessante juridiske problemstillingar.
Skal sikre innbyggjarane sine rettar
Bastian er særleg oppteken av forholdet mellom rettane til den enkelte og pliktene i forhold til til offentlege styresmakter. Han meiner god juridisk kompetanse er avgjerande for at kommunen skal kunne vareta innbyggjarane på ein trygg og føreseieleg måte.
– Kommunen skal ivareta rettane til innbyggjarane. Auka juridisk kompetanse kan gi ei betre forståing av kva rettar den enkelte har, og bidra til å sikre at innbyggjarane får det dei har krav på etter lova, seier han.
Den juridiske kompetansen kan også bidra til tydelegare og meir effektive arbeidsprosessar.
– Dersom vi klarer å samordne og forbetre prosessane, kan vi redusere risikoen for feil i sakshandsaminga. Det vil vere positivt både for innbyggjarane, sakshandsamarane og kommunane.
Skal finne gode løysingar saman
Bastian ser fram til å vere med på å forme ei felles forvaltningseining.
– Det er spennande å få vere med på å utvikle ei eining som skal arbeide så trygt, effektivt og føreseieleg som mogleg. Målet må vere å skape eit funksjonelt og godt tilbod for innbyggjarane, seier han.
Kommunane kan ha ulike behov og arbeidsmåtar. Ein viktig del av prosjektet blir derfor å finne løysingar som fungerer godt på tvers av kommunegrensene.
– Vi må forstå behova i dei ulike kommunane og finne ei løysing som alle kan stille seg bak. Når prosjektperioden er over, håper eg at vi i fellesskap har kome fram til ein god måte å handtere sakshandsaminga innanfor helse og omsorg på. Løysinga bør fungere godt for kommunane, sakshandsamarane og ikkje minst innbyggjarane.
Aktiv både på småbruket og i naturen
Bastian ser også fram til å bli betre kjend med kommunane og dei han skal samarbeide med.
– Eg trivst godt på Søre Sunnmøre, både med naturen og dei mange moglegheitene ein har for aktivitetar og opplevingar. Eg gler meg til å bli betre kjend med kommunane og til å starte samarbeidet, seier han.
I fritida likar han å halde på med praktisk arbeid på småbruket, der det mellom anna driv med geiter og grønsaksdyrking. Elles bruker han gjerne fritida på fiske, ski, fotball, surfing og jogging.
Bastian Stokseth
Silje S. Mork / Herøy kommune