Skuleområdet kring Bergsøy 5.-7
Det har no kome på plass ny skilting rundt området som markerer at dette er eit skuleområde i skuletida. Skilta er sette opp ved innkøyringar, gangvegar og andre tilkomstvegar til området.
Silje S. Mork / Herøy kommune
Målet er å skape eit tryggare og meir oversiktleg skulemiljø for elevane, og å gi dei tilsette som har tilsyn ute betre rammer for å ivareta tryggleik og trivsel i skuledagen. Skiltinga bidreg også til å avgrense unødig ferdsel gjennom skuleområdet i skuletida.
Vi set stor pris på at alle følgjer desse retningslinjene. Saman skaper vi ein trygg og god skulekvardag for elevane våre.
Nærmiljøanlegga er tilgjengelege for alle innbyggjarane utanom skuletid.
Publisert 14.08.2026 15:43
Sist endra 14.08.2026 16:17