Sommarles – lesing og premiar heile sommaren

Det er framleis mogleg å melde seg på. Sommarles er for barn som skal starte på skulen til hausten, og for elevar til og med 7. klasse. Lesekampanjen varer frå 1. juni til 31. august.

Asbjørn og Astrid  - Klikk for stort bileteAsbjørn og Astrid Cha Sandmæl

 

Slik melder de barnet på

Føresette kan enkelt melde barnet sitt på ved å gå inn på Sommarles.no saman med barnet og lage ein profil. Deretter er det berre å lese – bøker heimanfrå, frå biblioteket eller digitalt – og registrere tida som blir brukt.

Etter kvart som barnet les, registrerer det kor mykje tid som er brukt på lesing. Då kan barnet hente ulike premiar på biblioteket.

Oppdrag, kodeord og nye leseopplevingar ventar

På nettstaden finn du også vekas kodeord, som gir ekstra poeng når det blir registrert. Temaet i år er teikneseriar, men ein kan lese bøker frå alle sjangrar. Det kjem òg nye utfordringar jamleg, til dømes: «Finn og les ei bok som har nøyaktig tre ord i tittelen».

Du kan også høyre på lydbøker i konkurransen.

Ønskjer du tips til tilrettelagd litteratur, kan du sjå på tibi.no. Spør gjerne bibliotekaren dersom du vil ha hjelp til å finne di neste favorittbok.